Velkomen på Herretrimmen!

Svein Salve Lislevand. Foto: Øystein Moi

Tekst og foto: Øystein Moi

Like sikkert som nattefrosten kjem til dei indre bygder – like sikkert er det at den alderstrygda lensmannsdrengen Harald Kleggetveit kallar inn til felles gymnastikk på Evje skule. Fyrste veka etter haustferien.

Svein Salve Lislevand ( bilete) he teke på seg rolla som frittalande pressetalsmann på vegne av sine spreke – og veltrente sambygdinger. Lislevand opplyser at trenaren blæs i fløyta, presis klokka 19:00, kvar einaste onsdag.

Her kan du sjølv vele mellom styrketrening i idrottshallen,  lauging i symjebassenget – eller ei avslappande høgtidsstund i badstoga.

Gutar i alle aldre er hjarteleg velkomen – og du treng så visst ikkje stille i det mest moderne treningtøyet som finnast på marknaden.  Du kjem langt med eit par velbrukte stuttebukser – og joggesko av toleg kvalitet.

– Hjarteleg velkomen, kvar og ein, melder pressetalsmann Lislevand entusiastisk. Kom som du er – og me skal take deg vel i mot!

Velkomen på Herretrimmen!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Vasslandshei – Abusdal

Ein tur opp på Vasslandshei (437 moh.) ved Vasslandstjørna på Abusdal er bare ein svipptur på kanskje ein halv time. Men du og du for

Fjellestad – Tveit skiløyper

I området Fjellestad – Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper. Det er alt i alt rundt 20

Matkronvegen – Bjørndalen

Matkronvegen tek til frå Fv-42 ved Bjørndalsvatnet, på heia heilt vest i Hornnes. Frå parkeringsplassen ved vatnet kan du sykle nordover rundt 10 km på

«Postvegen» Tveit – Vegusdal

Mellom Tveit og Vegusdal i Hovlandsdalen, på sørsida av Hovlandsåna, kan du eit par kilometers veg følge den gamle «Postvegen», ein kjerreveg frå 1840-talet. Det

Knipane gruver – Iveland

Knipane gruver er fleire gruver som ligg temmeleg samla ved Knipane på heia om lag to kilometer sør-aust for Håvarstad nord i Iveland. Skrevet av

Mest lest siste 7 dager