«Veg- og bruminnesmerket som vart til friarbenk»

Ja-benken. Foto: Geir Daasvatn
Nå når det vårast så fint, kjem også gjerne romantikken meir i sentrum. Då er det godt å vite – om du er heldig og det utviklar seg så langt som til eit frieri – at det finst ein eigen Ja-benk til denslags ved Danskeleirstranda, rett ved rundkøyringa på Byglandsfjord.

Lokalhistorikaren Reidar Tveito skriv utførleg om benken i den fine og grundige boka si om bruene på Riksveg 9 og særtrekk langs vegen. Du kan få kjøpt boka mellom anna på Norli Evje. Reidar forklarer at vegen mellom Evje og Vassend blei bygt i 1887. Over utlaupet av Vassendkilen blei det bygt ei bru. Det blei markert med benken som er på bildet her, med årstalet 1887 hoggen inn.

Seinare gjekk ordet om at guten kunne fri til jenta si på Ja-benken, og at han då truleg ville få eit ja, skriv Reidar. Men om han ikkje våga å kome fram med ærendet sitt, og dei blei gåande heilt utover til Nei-benken ved Kalveskinnsupsa, blei jenta lei. Då var sjansen stor for at guten fekk nei 😱 Nei-benken var ei tilmeisla steinhelle, som er skoten vekk i seinare vegomleggingar.

Moralen må vel vere at det gjeld å slå til når ein har sjansen! Kanskje alt denne våren?

Du kan lese mykje meir og sjå fleire bilde om denne artige historia på Setesdalswiki

 

«Veg- og bruminnesmerket som vart til friarbenk»

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Haugenloftet – Bygland

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den

Rysstad Turpark

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus.

Gullringstjønn rundt

Mange kjenner til Gullringstjønn på Hannås. Ho er så fin å sjå ifrå Rv-9. Om du vil ha deg ein spasertur litt utanom det vanlege,

Glova – Abusdal

Glova på Styggedal er en stor og spektakulær sprekk i berget, antakelig av tektonisk opphav, på Abusdalsheia sør-vest i Hornnes i Evje og Hornnes kommune.

Kvålen – Flatebygd

Kvålen er ein liten ås mellom Tveit, Flåt og Flåt nikkelgruve i Flatebygd. Skogen i området blei hogd ned for ei tid sidan, og toppen

Postvegen Håland – Kleveland

Postvegen i Evje var den første køyrevegen (kjerrevegen) mellom Evje og Vegusdal. Han avløyste Futevegen som «hovudveg» austover mot Nedenes og Arendal. Vegen blei bygd rundt 1840. Vegen

Mest lest siste 7 dager