Vatnedalen i Bykle: Kanel- snurrane berga dagen!

Eg var ein tur til Bykle og den enorme Vatnedalsdammen i forrige veke. Det blei ein annan slags tur enn eg hadde tenkt. Men alt-i-alt ein strålande sykkeltur i ukjent terreng! Her er ein liten rapport frå turen, henta frå Facebooksida «Setesdalssida» som eg også er administrator for.

Lesarinnlegg

«Det er ikkje så lett å finne på noko interessant å skrive på denne Setesdalssida kvar dag. Ofte blir det til at eg prøver å finne nokre aktuelle lenker å dele. Eller at eg dreg fram eit gamalt bilde eg ikkje har vist før. Eg har nokre utfordringar med helsa, så eg kjem meg heller ikkje så langt avgarde til fots. Det meste må derfor bli rapportar frå ein eller annan stad i nærleiken av Riksveg 9 😕

Men i går skjedde det noko veldig merkeleg. Eg hadde fått låne bil av kjærasten, som er i Finnmark på tur, og bestemte meg for å sjå litt nærare på Vatnedalsdammen i Bykle. Eg tok med sykkelen bakpå, då eg såg for meg at eg kunne sykle over toppen av dammen og kanskje bort til den andre dammen også.

Kanelsnurrar på Stasjonen Bykle

På veg oppover dalen svingte eg innom Hege Cecilie Trydal  på Stasjonen Bykle. Eg trengte litt bensin, og ho er alltid så triveleg å slå av ein prat med.  Eg kjøpte samstundes med meg to nysteikte kanelsnurrar, som ho akkurat hadde tatt ut av ovnen.

Eg smakte på den eine kanelsnurren i bilen oppover til Vatnedalsdammen, og det var himmelsk godt! Det var akkurat som om det kom ein «boost» av energi strøymande inn i kroppen 😆 Så då eg kom fram til dammen slo ein tanke ned i meg: Skal eg prøve å få oppfylt den draumen om å sjå den andre enden av Vatnedalsvatnet? Eg visste det var dumt, men med den uventa energien som plutseleg var der tok eg mot til meg og la i veg 😱

Sykkeltur langs Vatnedalsvatnet

Vatnedalsvatnet sett frå vest austover mot damanlegget. Det er svære avstandar i fjellheimen i Bykle! Foto: Geir Daasvatn

Eg var heldig, for opp dei første bakkane kom ein tyskar i god fart bak meg. Eg gjekk på beina her, då det var for bratt for meg å klare å sykle opp. Det er ein sykkel av det gamle slaget eg har, utan dei nymotens girsystema som finst i dag. Eg sa hei, og me kom i prat på ein temmeleg klein engelsk for oss begge to. På toppen av bakken kunne eg hoppe på sykkelen og suse nedover igjen. I utforbakkane var eg litt tøffare enn han, så eg fekk eit solid forsprang. Så tok han meg igjen i oppoverbakkane, når eg måtte trille sykkelen. Eg trur han tykte det var gøy å treffe ein å prate litt med, for han var frå München og eg kunne fortelle at eg hadde vore på Olympiastadion der i 1977.

Då me kom til der vegen går oppover til dammen ved Lisle Urarvatn skilte me lag. Eg hadde ikkje sjanse til å kome opp dei bratte svingane der, og han var ute på sånn telling av høgdemeter. Men nå hadde han taua meg langt, og eg takka hjarteleg for hjelpa!

Det var framleis nokre kilometer inn til enden av vatnet, og nå var eg tom for kanelsnurreenergi. Men det var ein del utforbakkar det siste stykket, så eg kom meg ganske greit inn dit eg ville og til og med det vesle stykket ekstra opp til Ormsavatnet.

Heimturen var frykteleg tung. Men nå var planen å fotografere interessante ting langs vegen. Så eg sykla nokre korte strekk, stoppa og tok bilde og trilla sykkelen opp bakkane.

Omsider var eg tilbake ved dammen, og de kan tru eg kom mest i ekstase då eg huska at eg hadde kjøpt TO kanelsnurrar av Hege Cecilie. Eg drog fram nr. 2 frå sekken. Å du og du som han smakte på toppen av Vatnedalsdammen. Eg kjente nytt mot strøyme inn i kroppen, og tenkte med meg sjølv:  Kva i all verden er det i den oppskriften?

Berga av kanelsnurrane!

Det var seint på kveld før eg var heime på Hornnes igjen. Etter å ha lagt ut eit bilde frå Ormsavatn stupte eg i seng og sovna som ein stein. I dag vakna eg stiv som ein stokk, og knappast gangbar. Men sakte men sikkert har kroppen mjukna til, og det er ingen tvil om at dette «karstykket» til meg å vere hadde eg aldri klart utan kanelsnurrane til Hege Cecilie på Stasjonen Bykle!»

Hege Cecilie på Stasjonen Bykle berga dagen! Foto: Geir Daasvatn
Del "Vatnedalen i Bykle: Kanel- snurrane berga dagen!"