Sigbjørn Sandnes: Bussjåfør og sportsbilentusiast

Sigbjørn Sandnes 11. oktober 2020. Foto: Geir Daasvatn
Søndag ettermiddag hadde eg eit særs hyggeleg treff med Sigbjørn Sandnes (55) i garasjen hans heime på Sandnes i Bygland. Sigbjørn er til dagleg bussåfør i Risdal Touring og Konkurrenten.no. På «fritida» importerer og sel han komplette byggesett til Westfield sportsbilar.

Sigbjørn har budd mest heile livet på Sandnes. Han har tidlegare drive forretning på Evje, jobba for National Oilwell Varco (frå 2007) og vore dagleg leiar i Dekkservice Setesdal. Han er utdanna som bilopprettar. Han eig bruket Nørstegard på Sandnes i Bygland, og er gift med Mona. Dei to budde på Nørstegard til 2019, men er no busette på Evje.

Westfield sportsbilar

Sigbjørn driv enkeltmannsforetaket Sandnes Motorsport som handlar med bilutstyr. Det eg var mest opptatt av då eg besøkte han, var å få tatt nokre bilete av den tøffe sportsbilen eg har sett han cruise rundt i. Mellom anna i 17. mai-karavanen i Evje og Hornnes tidlegare i år.

Men han importerar altså komplette byggesett til Westfield sportsbilar. For rundt 260.000 kroner eller noko meir, alt etter utstyret du vil ha, kan du kjøpe eit byggesett av Sigbjørn og sette saman din eigen bil! Etter det eg skjøner, skal det vere rundt 40 slike tøffe bilar på vegane rundt omkring i Norge nå. Det var tanken å ha eit landstreff i år, men koronasituasjonen stoppa det. I staden har Sigbjørn blinka seg ut ein høveleg stad omtrent midt i Norge, der han vil prøve å få til eit treff for Westfield-entusiastane i 2021.

Gamalt møter nytt: Sigbjørn og Westfielden framføre dei gamle bygningane i Vodden, Sandnes. Foto: Geir Daasvatn

Nydeleg køyretur!

Eg har ingen teknisk innsikt, så dette er ikkje ein reportasje med alle spesifikasjonane til Westfield sportsbilar. Du kan heller finne meir spennande stoff om dei tøffe bilane på Facebooksida Westfield Sportsbiler Norge eller på nettsida til Sandnes Motorsport.

Så etter å ha sikra meg nokre fine bilete av bilen, fekk eg lov til å bli med Sigbjørn på ein aldri så liten luftetur oppover mot Åraksbø. Då han speeda den kraftige motoren litt opp inne i Heddenestunnelen, blei det ein grom lyd ut av ein annan verden. For meg som er mest vant til å bruke sykkelen, eller i høgda ein gamal Toyota, var det mest som å prøve Formel-1! Det var eit fantastisk vér oppover langs Byglandsfjorden søndag; ein av dei verkeleg fine haustdagane. Vinden ruska i dei grå hårtustane. Sola skein så nydeleg gjennom dei gule bjørketrea. Åraksfjorden glitra. Det var ein tur for minneboka!

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

Sigbjørn Sandnes: Bussjåfør og sportsbilentusiast

Likte du artikkelen?
Del den videre

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Badebua i Dåsnes høgtidleg opna!

Med stor festivitas blei den nye badebua i småbåthamna ved utlaupet av Dåsåna i Hornnes opna søndag formiddag. Det var ein av primus motorane i

Julestemning i Ruttas Systue!

Ruth Føreland Nygård begynte som kontormedarbeider hos Kjoreskole.no 1. august. Kontoret er rett ved innkjøringen til Evje sentrum fra sør. Her trives hun veldig godt,

Turforslag fra OpplevEvje

Matkronvegen – Bjørndalen

Matkronvegen tek til frå Fv-42 ved Bjørndalsvatnet, på heia heilt vest i Hornnes. Frå parkeringsplassen ved vatnet kan du sykle nordover rundt 10 km på

Hornåsen – Urdalen

Hornåsen er eit fint utsiktspunkt. Vi har ein eigen turartikkel om det. Men du kan også gå ein veldig fin rundtur i dette området, og

Kjetevatn – Vegusdal

Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen i Vegusdal, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes.  Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og

Gruvearbeidarvegen

Gruvearbeidarvegen er den vegen arbeidarane ved Flåt nikkelgruve brukte å gå for å kome frå bustadane sine i Ånelandsbygda, Åneland og Haugen, til arbeidsplassane sine ved gruva.

Fjellestad – Tveit skiløyper

I området Fjellestad – Tveit i Hornnes, nærmere bestemt i traktene rundt Abusdalsknuten, er det flotte oppkjørte skiløyper. Det er alt i alt rundt 20

Mest lest siste 7 dager