Vorehei turløype

Den spennande vaktheia!

Vorehei er eit fjell (443 moh.) vest for Otra ved Moisund i Evje og Hornnes. Fjellet er eit mykje populært turmål for både Moisund-folk og andre turgåarar.  Det er ein kjempefin tur for familiar! Hausten 2019 er det bygd ein fin gapahuk omtrent midtvegs i løypa, på eit fint utsiktspunkt. Har du med mindre barn på turen, går det fint ann å snu her.

Vetehei?

Frå oppstiginga mot Vorehei. Foto: Geir Daasvatn

Namnet tyder «Vaktheia». Mykje taler for at det har vore ein varde – ein vete – på Vorehei. Veten var ledd i ein signalkjede av bål som låg på punkter der ein kunne sjå frå den eine til den andre. Om det var vete på Ropstadknuten i Hægeland i sør, kunne ein sjå han frå Vorehei. Mot nord ser ein til to mogelege vetefjell, Gjengninghei og Årdalsknapen. Årdalsknapen er eit sikkert «vetefjell». Det skal ha vore synlege leivningar etter ei vetestue på Vorehei så seint som etter 1900.

Den vesle tjønna rett før du svingar opp på sjølve toppen av Vorehei. Er du på tur med kjærasten og borna, er dette ein nydeleg stad å ta ein stopp og ete nistematen. Foto: Geir Daasvatn

«Røysa»

Lokale folk kallar toppen av Vorehei for «Røysa». Det er tydelege merke etter ei åsrøys på toppen. Ho må vere svært gamal. Men arkeologane er forsiktige med å tidfeste slike åsrøyser. «Alt frå bronsealder til vikingtid», meiner dei.

Korleis kome dit

Du kan parkere ved Moisund bedehus og gå eit par hundre meter sørover til der sjølve løypa tek til. Det er også plass til 2-3 bilar der skiltet med løypestart står, omtrent ved innkøyringa frå Rv-9 til Moisund frå sør. Frå her kan du følge fin traktorveg mot sør-vest til foten av heia. Så langt er løypa temmeleg flat. Det går merka sti vidare, med ganske jamn stigning oppover i terrenget.

Nokre strekk i starten av bakken er på bart berg. Omtrent midtvegs oppe i lia vil du få auge på den nye gapahuken. Han er sett opp av driftige Moisundfolk på dugnad. Du kan ta ein avstikker opp til gapahuken, eller bare fortsette vidare i hovudløypa. Turen herfrå går langs ei slukt nokså direkte opp mot toppen av heia. Når du kjem til tjernet oppå heia, skal du dreie nordover og opp til toppunktet ved varden. Fleire stader på turen kan du få ein fin utsikt utover mot Hodne eller i meir nordleg retning mot Moisund. Løypa er tydeleg merka med blåmaling og skilt, slik at det er lett å finne fram.

Gapahuken på veg opp mot toppen av Vorehei. Foto: Geir Daasvatn

Lengda på turen fram og tilbake er rundt 5,1 km. Berekna tidsbruk kan vere 2-3 timar, eller litt meir om du og familien tek ein matpause før de tek fatt på heimvegen. I den nemde gapahuken er det veldig fint å slå seg ned for ei lita matøkt. Her er det også grill og ferdig opphogd ved. Men pass på opptenningsrestriksjonar i sesongen!

Kjelder:

  • Setesdalswiki
  • «Turløyper i Setesdal», brosjyre utgjeve av Visit Setesdal, 2018

Lenker:

Vorehei turløype starter på fin traktorveg rett sør for Moisund bedehus. Foto: Geir Daasvatn

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X