Vestre enden av Vatnedalsvatnet. Etter mange opp- og nedturar var det nydeleg med eit langt strekk mot slutten der sykkelen stort sett bare kunne trille av seg sjølv. Foto: Geir Daasvatn

Vatnedalen – Bykle

Det går veg inn til Vatnedalsdammane frå Riksveg 9 ved Berdalsbru i Bykle. Frå damanlegget går det anleggsveg (grusveg, stengt med bom) vestover, på sørsida av Vatnedalsvatnet, heilt inn til andre enden av vatnet. Strekninga er om lag 20 km, altså 40 km t/r. Det er ein fantastisk fin sykkeltur.

Skrive av Geir Daasvatn

Det er parkeringsplass rett ved Vatnedalsdammen. Der kan du sette ned bilen. Dammen (hovuddammen) er enorm, og ein stor attraksjon i seg sjølv. Då han stod ferdig, i 1983, var han den største i Norge. Du må ta deg god tid til å studere han nærare, anten før eller kanskje helst etter sykkelturen. På veg heimover kan du også svinge oppom den andre og litt mindre dammen. Uansett eit svært byggverk, det og!

Vatnedalsdammen 25. juni 2016. Foto: Geir Daasvatn

Vatnedalen

I 1912 fekk Otteraaens Brugseierforening konsesjon for regulering av Vatnedalsvatn og åtte andre vatn i Setesdal. Vatnedalsvatn skulle hevast med fem meter, og i tillegg senkast med 2,5 meter. Dette var det største reguleringsinngrepet i Setesdal fram til då. Før reguleringa tok til, var det eit lite samfunn på fire gardsbruk og ein husmannsplass i Vatnedalen. Husa vart spara under oppdemminga, men det meste av dyrka mark blei øydelagt av vatnet. Tre av eigarane flytta aust for vatnet, og braut opp ny jord der. I dag er det bare tuftene igjen å sjå etter dei gamle gardsbruka, som låg på nordsida av vatnet mest inne i vestre enden.

Sykkelturen

Anleggsvegen går opp og ned, med nokre meir flate parti innimellom. Undervegs syklar du gjennom ein tunnel, om lag ein km lang, som er bratt både nedover og oppover. Heldigvis er det lys i tunnelen! Midtvegs, eller kanskje litt lenger, kjem du forbi det mektige Urarjuvet. Der går ein avstikkar av vegen bratt opp til Dam Urevatn, som demmer opp det svære Urevatn-magasinet. Eg var så trøtt då eg sykla forbi her, at eg ikkje våga meg på den tøffe oppstiginga. Men er du i normalt god form, er det ikkje noko problem.

Når du er framme ved vestre enden av Vatnedalsvatnet, går det ein kort veg vidare og litt oppover i terrenget. Eg vil absolutt seie at du bør få med deg den ekstraturen, når du først er komen så langt. Det er bare nokre hundre meter. Men då er du ved Ormsavatnet, og kan sjå djupt innover i Setesdal Vesthei, heilt mot Suldal.

Artikkelen fortset under bildet

Ormsavatnet 30. juli 2021. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Om utgangspunktet er Evje, køyrer du Riksveg 9 til Berdalsbru. Rett før brua tar du av vestover mot Vatnedalsdammane. Skilt syner vegen, så det er enkelt å finne fram. Ved enden av vegen, rett ved dammen, er det altså ein grei parkeringsplass. Eg vil anslå at det er ein køyretur på 135–140 km frå Evje til parkeringsplassen ved dammen. Så dette er ikkje ein liten svipptur, men heller ein type søndagstur der du må rekne med å vere på tur mesteparten av dagen. Men for ei oppleving du har i vente om du legg i veg!

Frå Hovden kan du sykle eller køyre sørover på Riksveg 9 til Berdalsbru, eller kanskje heller for variasjonen si skuld ta inn mot Ørnefjell og følge Tverrheivegen på vestsida av Otra fram til dammane. Det er ein fin sykkeltur på totalt 76 km t/r.

Kart over området

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Del "Vatnedalen – Bykle"