Ved Topteneset langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne.
Skrive av Geir Daasvatn
Topteneset stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, og blei bygd fram til Valle i 1840-åra. Forbi her kom han truleg rundt 1842.
Saken fortset under biletet

Den gamle vegen som var i bruk til 1920-talet er framleis grei å sjå i terrenget. Foto: Geir Daasvatn
– Toptenesbakken var ein annan av bakkane som var vanskeleg å greie for bilar, så på 1920-talet vart vegen lagt rundt neset, skriv Leonhard Jansen m.fl. (Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 116)
Saken fortset under biletet

Frå 1920-talet til 1978 gjekk vegen rundt Topteneset. Foto: Geir Daasvatn
I 1978 blei det sprengt ut ei høg skjering som Riksveg 9 i dag går gjennom i ein slak sving.
Saken fortset under biletet

Riksveg 9 gjennom Topteneset. Over Topteneset, til venstre i biletet, gjekk den første Postvegen. Til høgre ser me starten på vegstykket frå 1920-talet, som altså går rundt fjellet. I dag susar nok dei fleste av oss forbi i full fart, kanskje på veg til ein betre søndagsmiddag på Ose Turistheim eller hytta på Hovden, utan å tenke eitt sekund på at nå passerte me just eit historisk vegmiljø. Foto: Geir Daasvatn
I Kulturminneplanen for Bygland kan du lese meir om både Topteneset og mange andre spennande kulturminne i kommunen.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland, Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 116
- Reidar Tveito, Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, side 123