Sydalen – Yksenskor

Sydalen er eit sidedalføre til Dåsvannsdalen i Hornnes, i nord-vestre del av Evje og Hornnes kommune. Området ligg i indre del av Dåsvannsdalen, like nord-aust for Dåsvatn. Sydalen er eit spesielt døme på vill natur i Hornnes, og er ein spennande stad å gå på tur.

Gjennom Sydalen renn elva Sya. Frå Yksenskor på austsida av Sydalen renn Yksenåna ned i Sydalen i ein høg foss, og sluttar seg til Sya.

Garden Yksenskor ligg mellom fjella på austsida av Sydalen. Det kom køyreveg fram til garden, frå Håvestøl i Åseral, først rundt 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket, Skotet.

Korleis kjem du dit

Du køyrer nordover i Dåsvannsdalen frå Dåsnes, mot Bortelid som det står på skiltet ved rundkøyringa. Du kjem til Øvre Dåsvatn, rett før den bratte oppstiginga gjennom Linndalen. Du passerer Storebekk på ei ny bru. Rett over brua kan du parkere bilen på ein grei stad, for eksempel ved det nedlagte sagbruket. Derfrå følger du skogsbilvegen som går austover langs norsida av Dåsvatn. Eit stykke bortover, ved vestsida av vatnet, er det ein badeplass. Rett etter den skal du ta til venstre, inn på ein gamal og attgrodd veg som går oppover i terrenget og inn i Sydalen. Vegen ligg heile tida på nordsida av Yksenåna, så du kan vanskeleg ta feil.  Vegen blei bygd av den kjende doktor Kile. I dag er det barnebarnet hans, Ingunn Kile, som har garden. Fleire stadar innover i Sydalen er det imponerande steinsettingar. For eit arbeid det må ha vore å stelle i stand den vegen!

Ved enden av vegen kjem du til den stupbratte Kattefossen. Rett nord for fossen går det ein bratt stig, Skotet, opp fjellsida til sjølve garden Yksenskor. Om du først er komen så langt som dette,  skulle du absolutt ta deg tid til dette siste strekket óg. Men om du har veldig høgdeskrekk; kanskje ikkje.

Dette er ikkje ei merka turløype. Men om du tek ein god kikk på kartet før du legg avgarde, skal det ikkje vere noko problem å finne fram. Naturen sjølv fortel deg i grunnen kor du bør gå!

Turen er heller ikkje lang, kanskje rundt 2 km eller litt meir ein veg. Det er litt stigning inn til fossen, men ikkje særleg tungt å gå. Det siste stykket, opp Skotet, er som sagt bratt. Men stigen går i slynger og ikke rett opp, så dei aller fleste med vanleg god form kan greitt gå opp der.

Sykkeltur til Yksenskor

Ein annan måte å kome til Yksenskor på – og ein fantastisk fin ein – er å sykle frå Håvestøl i Åseral langs grusvegen som går innover i heia til garden. Men den turen er så staseleg i seg sjølv, at den vil me ha ein eigen artikkel om.

God tur!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Sydalen – Yksenskor"