Svaba – Uleberg

Svaba (621 m.o.h.) er ein særmerkt avrunda fjelltopp ovafor Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Fjellet er eit fint turmål, der du frå toppen kan sjå vidt omkring i alle retningar.

Svaba har tidlegare vore ein av turane i Otra IL sitt turopplegg «Ti Toppers», men ikkje dei siste par åra. I varden på toppen ligg det ei notisbok i ein boks, der du kan skrive namnet til deg og kjærasten om ho eller han er med på turen. Boka er mest full av namn, så Svaba er godt besøkt sjølv om det er eit stykke å kome dit frå til dømes Evje.

Korleis kjem du dit

Inntaksdammen til kraftverket, med Svaba bak. Her kan du greitt parkere. Så går du eit lite stykke langs vegen, mot høgre i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Køyr til Uleberg i Dåsvannsdalen. Det er om lag 8 km frå rundkøyringa i Dåsnes. På Uleberg tek du oppover Skjerkevegen. Etter å ha passert gjennom tunet på den siste garden (Møllen) køyrer du vidare rundt 1 km og kjem til inntaksdammen til Uleberg kraftverk. Her er det grei plass å parkere bilen.

Rett nedanfor inntaksdammen ligg den svære Hunsfossen.

Frå dammen er det kanske 1 km å gå forbi ein vegbom og vidare langs Skjerkevegen til den gamle husmannsplassen Krona. I enden av jordet der byrjar ei traktorslepe. Du følger så bare denne steinete vegen vidare, og seinare godt synleg sti, til du når toppen. Den siste oppstiginga er ganske bratt, men er du i vanleg god form er det ikkje noko problem.

Kort fortalt går du frå inntaksdammen liksom i ein sving rundt fjellet og kjem opp på toppen frå nord-aust.

Løypa er ikkje merka. Men du vil ikke ha nokon vanskar med å finne fram om du bare følger stien. Det er nokre litt blaute parti langs løypa, spesielt om hausten, så me vil tilrå godt skotøy. Men er du uvøren slik som artikkelforfattaren, går det også greitt på joggesko.

God tur!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Svaba – Uleberg"