Stavdalsnuten med utsikt vestover mot Bjørndalsvatnet 1. juli 2022. Foto: Geir Daasvatn

Stavdalsnuten

Stavdalsnuten er eit fjell (582 moh.) på nordsida av Stavedalen, nord-vest for Murtetjønn på Tveit i Hornnes. Frå toppen er det ein svært vid utsikt.

Skrive av Geir Daasvatn

Turen er ein idyllisk gåtur i heieterrenget mellom Tveit og Bjørndalsvatnet, på nordsida av Fylkesveg 42. Først går du eit godt stykke ganske jamt og småkupert oppover gjennom myr- og skogsterreng. Det siste stykket er du over på fjellgrunn, og det er temmeleg bratt opp til toppen. Der blir du lønna med eit nydeleg utsyn i mest alle himmelretningar.

Med roleg gange brukar du rundt 30 minutt opp til toppen, og kanskje litt kortare tid tilbake. Då vi gjekk der sist var det tørt og fint underlag, akkurat passe for lette joggesko, og ein tydeleg sti å følge. Om hausten, eller når det har vore mykje regnvêr, kan nok myrene bli litt blaute og fjellet oppover mot toppen noko glatt. Så sko deg etter forholda!

Stavdalsnuten var ein av toppane i Otra IL sitt turopplegg Ti toppers i 2022.

Solveig og Rita Flottorp på tur til Stavdalsnuten 1. juli 2022. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Frå Evje: Følg Riksveg 9 sørover til Kjetsåkrysset. Ta Fylkesveg 42 vestover mot Sveindal. Køyr forbi Kjetså og Tveit. Følg kleivene frå Tveit oppover forbi Murtetjønn til toppen. Rett etter toppen er det ein parkeringsplass på høgre side (nordsida) av vegen. Det er om lag 14,5 km frå Evje hit. Derfrå startar godt merka sti. Det er rundt 1,1 km frå startpunktet til toppen.

Frå Sveindal: Ta Fylkesveg 42 mot Evje. Du skal forbi Bjørndalsvatnet og nokre få kilometer vidare. Når du er nesten på toppen av dei siste bakkane før nedstiginga mot Tveit igjen, har du den nemnte parkeringsplassen på venstre side av vegen.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Stavdalsnuten"