Sosteli – Åseral

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral.

I Sosteli finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanske det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag.

Gardsanlegget består av fleire hustufter (den største rundt 45 m lang), åkre, gjerdesystem og gravminne. Sosteli blei arkeologisk undersøkt av Anders Hagen i 1947–1949, og er framleis ein nøkkellokalitet innanfor nordisk busetnadsarkeologisk forskning.

Det har ikkje budd folk på Sosteli sidan garden blei fråflytta for om lag 1000 år sidan. Difor er garden mykje teken vare på slik han var. Det gir ei heilt spesiell kjensle å vandre stille rundt mellom hustuftene, kanskje bare med ei sauebjølle som «bakgrunnsmusikk», og tenke på at her var det eit yrande folkeliv for meir enn 1000 år sidan.

Korleis kjem du dit

Køyr Fylkesveg 455 (Dalevegen) til Kyrkjebygd. Følg Gardsvegen vestover forbi Åseral kyrkje over elva Monn. Straks over brua tek du til høgre (nordover). Etter eit par hundre meter kjem du til Sostelivegen. Følg vegen som går bratt oppover i dalsida. Skilt syner vegen fram til Sosteli. Der er det merka parkeringsplass.

God tur!

Kart

Kjelder

Sjå også

Klikk på bileta for forstørring

Del "Sosteli – Åseral"