Skollhaugan gravfelt – Skreros

Skollhaugan gravfelt er ein gravplass frå eldre jernalder, frå 400-talet e.Kr., på garden Skreros i Vegusdal i Birkenes kommune.

Skrive av Geir Daasvatn

Det er funne 12 gravhaugar. Dei ligg på ei slette nede på flata ved Skrerosåna, eit område som tidlegare var ei øy der elva renn ut i Ogge.

Gravfeltet blei «gjenoppdaga» i 1912 under uttak av grus i området. I 1917 blei fem av haugane arkeologisk undersøkt av Helge Gjessing frå Universitetets Oldsaksamling. I ein av haugane, haug II, blei det gjort rike funn. Ei kvinne og eit lite barn var blitt gravlagt her. Dei andre haugane var tome.

Dei rike funna i haug II, mellom anna av keramikk og smykke, gjer det mogeleg å tidfeste denne haugen til 400-talet. Gjenstandane frå grava er unike i norsk jernalder, og tyder på at dei døde har høyrd til ei mektig ætt frå ein gard med makt og overskudd. I kultursoga for Vegusdal er det sagt at garden Skreros må ha vore eit høvdingsæte.

Korleis kjem du dit

Om vi tar utgangspunkt i Evje, kan du køyre Fv-42 (Arendalsvegen) til Vegusdal-krysset. Der svingar du sørover på Fv-405 mot Engesland og vidare etter det mot Vennesla. Om lag 8 km etter Engesland kjem du til skilt som syner vegen inn til garden Skreros. På staden er det plass for parkering, og skilt som viser kor du skal gå. Denne turen vil vil vi tru har ei køyretid på rundt 45 min. Om du kjem andre stadar frå, kan du bare peile deg ut ei grei køyrerute på kartet under.

Skreros er ei vakker lita grend, og rundt Ogge er det som kjent veldig flott om sommaren. Om du spekulerer på ein ny stad å besøke i sommer, trur vi Skreros kan vere eit veldig godt alternativ. Køyr då gjerne sørover til Vatnestrøm og om Iveland på tilbaketuren, så har du ein bortimot perfekt søndagstur!

God tur!

Kart

Kjelder

Det er mykje spennande informasjon om historia på informasjonstavla ved gravfeltet. Foto: Geir Daasvatn
Del "Skollhaugan gravfelt – Skreros"