Åreholti på Rygnestad i Valle 26. januar 2020. Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad turløype

Det går ein merka turstig frå Rygnestadtunet gjennom nydeleg kulturlandskap og mystisk skogsterreng. Det er ein kort og lett tur på bare 2,5 km/30 min. Men for ei oppleving!

Du kjem mellom anna forbi det tidlegare småbruket Åreholti, der alle bygningane står i ei rekke. Det er ikkje mange slike «tun» igjen i Setesdal i dag. Etter Åreholti går du gjennom trolsk skog eit stykke. Du kjem til Årstog, og følger vegen tilbake til start. Om du kombinerer turen med ein sveip innom Rygnestadtunet som altså ligg rett ved, og kanskje ein avstikkar oppover i kulturlandskapet bak Rygnestadtunet til den gamle husmannsplassen Slengen, og det er varm sommar og engene er fulle av blomster, ja då er du garantert ei tett på fullkomen oppleving. Om du er på staden i sommarsesongen, frå rundt 15. juni til 15. august, er Rygnestadtunet opent og har tilbod om omvising fleire gonger om dagen. Det er Setesdalsmuseet som driftar det eineståande anlegget.

Valldølane kjenner sjølvsagt denne turløypa som hand i hanske. Men under her er nokre bilete som kanskje kan freiste deg også til å stikke innom og oppleve det eineståande fine kulturlandskapet på Flateland og Rygnestad. Alt i 2009 blei Rygnestad og Flateland peika ut som eitt av 20 «utvalde kulturlandskap i jordbruket» av regjeringa. Frå 2021 er Rygnestad saman med Flateland også med i det landsomfattande registeret Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

Korleis kjem du dit

Køyr til Flateland, som ligg om lag 7–8 km nord for Valle sentrum. Ta av mot Rygnestadtunet. Det er rundt to km å køyre. Ved Rygnestadtunet er det parkeringsplass. Gå tilbake langs vegen kanskje 100 meter, og du er ved det grøne skiltet og kart som syner løypa.

God tur!

Du vil kanskje også lese artikkelen vår om Rygnestad og Flateland kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse

Omtale av Rygnestad turløype hos Visit Setesdal

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

Del "Rygnestad turløype"