Langrøys i Røysland gravfelt. Foto: Geir Daasvatn

Røysland gravfelt – Straume

Røysland gravfelt ligg på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle.

Feltet ligg langs Birkelandsvegen, rett sør for Åraksøyne. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje nøyaktig datert, men feltet er frå jernalder. Røysland må i si tid ha vore utskild som eigen gard, heiter det i Valle si kultursoge.

Korleis kjem du dit

Om du kjem køyrande sørover frå Rysstad, tar du til venstre mot Straume når du er på Helle. Du køyrer over Otra på Straumsbrua, forbi gardsbruka på Straume, og sørover på den private vegen til Otra Kraft. Nå er du altså over på austsida av elva. Du passerer Tjurrmodammen. Eit par minutts køyretur etter det kjem du til flystripa på Åraksøyne. Rett etter det har det vore ei større skogsdrift for ikkje lenge sidan. Det ligg ei lita bu i vegkanten. Rett vest for bua, i hogstfeltet, vil du sjå fleire av haugane. Litt meir inne i skogen, sør-vest for bua, finn du mange fleire.

Om du kjem frå Bygland i sør, anten via Åraksbø eller Ose, må du ta vidare til Austad. Du kjem forbi Heistad og Sordal. På Sordal ligg også eit svært gravfelt. Men det får eg skrive litt meir om i ein annan artikkel. Etter Sordal kjem du inn på Birkelandsvegen, den same «kraftverksvegen» som er nemnt foran. Men nå altså motsatt veg.  Du køyrer nokre kilometer nordover på denne vegen, forbi Birkeland, og kjem inn i Valle straks sør for Åraksøyne.

Heile dette strekket mellom Straume og Austad er også ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 3. Så om du er på sykkelen forbi Røysland, er det ein veldig spennande stad å ta ein liten pustepause.

God tur!

Sjå kart over området

Kjelder

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Røysland gravfelt – Straume"