Reiårsfossen gamle bru 25. desember 2019. Foto: Geir Daasvatn

Reiårsfossen gamle bru

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen.

Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen.

Byggeåret er uvisst. Brua ligg rett attmed ei nyare platebru på Riksveg 9, og var i bruk på den gamle riksvegen fram til den nye brua kom i 1962. Før desse to bruene må det også ha vore bygd ei bru tidleg på 1840-talet, då Postvegen blei bygd framom Ose og vidare nordover i Setesdal.

Om du vil sjå nærare på brua, kan du parkere på rasteplassen rett nord for Reiårsfossen og gå dei få meterane til brua.

Den gamle brua med den mektige Reiårsfossen bak. Foto: Geir Daasvatn

Kart over området

Kjelder

 

Del "Reiårsfossen gamle bru"