Postvegen Uppstad – Flårenden

Byvegen til valldølane for 175 år sidan!
Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal.

Skrive av Geir Daasvatn

Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. Han var det første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal, og altså forlauparen til dagens Riksveg 9. Ein av dei første som gjekk langs heile vegen får kysten til Valle var språkforskaren Ivar Aasen, som var på si første samlarferd i Setesdal i november og desember 1844. Vegstykket me her talar om, på vestsida av Otra rett før du kjem over Flåren bru på veg nordover, må vel då vere bygd i 1843 eller 1844, utan at eg torer seie sikkert det nøyaktige tidspunktet.

Då Postvegen kom gjennom Hylestad til Valle, blei det ikke bygd bru over Otra her. Etter at vegen hadde svinga seg gjennom tunet i Flårenden, måtte dei reisande såleis ferjast over elva til austsida. Men rundt 1866–1868 blei det bygd bru omtrent der brua er også i dag, og vegen blei lagt om. Då gjekk ikke Postvegen lenger gjennom tunet i Flårenden.

Annonse

Anten du er interessert i gamle vegminne spesielt, eller bare likar å la tankane flyge medan du vandrar stilt på attgrodde stigar, er dette ein god stad for ein tur! Frå starten ved Uppstadvegen vil eg tru det er bortimot 1 km ned bakken før du kjem til husa i Flårenden. Altså ein kort spasertur på mindre enn 2 km t/r.

Kart over området (stipla linje syner vegstykket)

God tur!

Kjelder

Klikk på bileta for førstørring

 

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X