«Postvegen» Tveit – Vegusdal

Eit stykke av den første kjerrevegen austfrå til Evje
Mellom Tveit og Vegusdal i Hovlandsdalen, på sørsida av Hovlandsåna, kan du eit par kilometers veg følge den gamle «Postvegen», ein kjerreveg frå 1840-talet. Det er ein fin, lettgått spasertur i idyllisk skogsterreng.

I følge Kulturminnesøk.no er vegen ein gamal rideveg (sledeveg), som så blei bygd om til kjerreveg i 1840. Han var ein del av den gamle «Postvegen», som avløyste «Futevegen», og som gjekk frå Frolands Verk til Evje. Store delar av traseen er i dag tilrettelagt som kulturhistorisk turveg, under fellesnamnet «Allmannavegen». Men akkurat mellom Tveit og Vegusdal er det ikkje skilting eller gjort anna tilrettelegging.

Me har skrive om andre delar av den gamle «Postvegen» som er fine å gå tur på her:

Allmannavegen – Evje

Postvegen Håland – Kleveland

Futevegen – Vegusdal

Korleis du kan finne fram

Du køyrer – eller  syklar – frå Evje austover på Fylkesveg 42 mot Vegusdal. Om lag 1 km før Vegusdal-krysset kjem du til Skåre bru. Ta over brua og opp til toppen av bakken etter brua. På venstre side av vegen, på Kjørkemoen, er det nå nokre svære garasjar. På høgre side er det ein liten stikkveg inn i skogen, og ein liten snuplass med ei lita skoghytte. Der skal det vere greit å parkere bilen. Men det er privat grunn, så parker så du ikkje stenger for nokon eller er til sjenanse på andre vis. Ta ein kikk på kartet nedanfor før du legg i veg. Så ser du tydeleg kor du finn starten på vegen, og også kor løypa går i terrenget (stipla linje).

Turen held fram under bildet

Etter rundt 1,5 km på den gamle vegen kjem du over på skogsbilveg. Foto: Geir Daasvatn

Frå snuplassen går det ei traktorslepe vestover igjen, altså tilbake same vegen som du kom men nå på sørsida av Hovlandsåna. Etter kvart blir traktorslepa meir som ein opptrakka stig i terrenget. Om du kikkar deg godt rundt, kan du mange stadar framleis sjå korleis den gamle vegen var bygd opp og steinsett. Etter om lag 1,5 km på stigen, kjem du ut på ein skogsbilveg (bildet over). Nå kan du følge vegen vidare 100–200 meter. Om du svingar inn i skogen og ned mot elva, kan du finne att dei gamle brukara etter «Gamlebruna» over til nordsida av elva. Eller du kan følge skogsbilvegen vidare fram til Tveit, om du vil ha ein litt lengre tur. Du kan sjølvsagt også snu, gå tilbake same vegen og vere nøgd med rundt 3 km på den gamle, historiske «Postvegen».

NB! Denne «Postvegen» må ikkje forvekslast med Postvegen i Setesdal, kjerrevegen som kom oppover dalen på første halvdel av 1840-talet.

Artikkelen held fram under bildet

Mellom Hovland og Skåre, altså på nordsida av Hovlandsåna, går det ein lite vegstubb ned til elva. Der kan du sjå brukara etter «Gamlebruna». Vidare herfrå og fram til Vegusdal gjekk «Postvegen» altså på sørsida av elva. Foto: Geir Daasvatn

God tur!

Kart over området

Kjelder

  • Oddmund Mogstad, «Historisk oversyn over vegar i Råbyggjelag'», artikkel i Jol i Setesdal, 2010, side 6-9
  • «Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad», utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018, side 20 og side 45
  • Kulturminnesok.no
  • Olav O. Uleberg, «Kultursoge for Evje og Hornnes», bind I, 1990, side 257 nederst

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!