Myglefossen – Kosåna

Myglefossen er ein foss i Kosåna, mellom Øyvatnet og Myglevatn, på Abusland på heia heilt sør-vest i Evje og Hornnes.  Du kan lett kome til Myglefossen, og få ei stor turoppleving, ved å ta ein kombinert sykkel- og gåtur i dette fine heieområdet.

Kart over området

Det er funne minst tre steinalderlokalitetar/buplassar ved Myglevatn, og mange fleire lenger nordover i Kosånavassdraget. Her var det altså eit folkeliv å rekne med alt for 4-5000 år sidan. Funna frå steinalderen langs Kosånavassdraget er mellom dei eldste i Evje og Hornnes. Her går du altså bokstavleg talt i steinaldermenneska sine fotspor.

Du vil kanskje også lese: Artikkelen vår om Kosånavassdraget frå 2018

Korleis kjem du dit

Frå Hannåsmoen tek du vestover mot Abusland, om lag 12 km. På Abusland sluttar fylkesvegen. Der er det også ein parkeringsplass. Derfrå kan du gå, eller sykle som også er veldig fint, på ein god skogsbilveg som slyngar seg om lag 2,7 kilometer sør-vestover i terrenget til Øyvassmoen ved Øyvatnet i Kosånavassdraget. Merk at dette er ein privat veg, som normalt er stengt med bom. Så du må passe på å bruke parkeringsplassen FØR bommen, og ikkje køyre inn på den private vegen.

Øyvatnet ein sein oktoberdag i 2015. Til venstre er sørsida av vatnet, som du bare kan følge bortover og kome greit fram til fossen. Foto: Geir Daasvatn

Ved Øyvatnet er det slutt på skogsbilvegen. Men nå kan du bare følge sørsida av vatnet til du kjem til osen. Det er temmeleg flatt og lett terreng å gå i. Det er nokre litt blaute myrer i området, kanskje spesielt om hausten. Så godt skotøy kan vere ein fordel. Men underteikna kom fint fram på joggesko. Frå slutten av vegen til fossen er det rundt 1 km eller noko slikt.

Rett nedanfor osen finn du Myglefossen. Om det er litt vatn i elva, er fossen eit nydeleg syn.

Rett nedanfor fossen igjen ligg Myglevatn, på grensa mot Marnardal, som nå faktisk høyrer til i Lindesnes kommune. Midt inne på heia her grensar Evje og Hornnes altså til ein kystkommune! Rundt halvparten av Myglevatnet ligg i nabokommunen. Etter Myglevatn renn Kosåna vidare nedover i terrenget og ut i Mandalselva ved Foss i Bjelland.

Det går skogsbilveg inn til sørenden av Myglevatn frå Roland i Bjelland. Det er også ein fantastisk fin tur om du tek deg «bryet» med å køyre den lange omvegen om Hægeland og mot Bjelland. Strendene rundt vatnet har i «alle» år vore ein svært populær utfartsstad.

God tur!

Kjelder: Setesdalswiki og eigne erfaringar etter tur til Myglefossen

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Myglevatn. I enden av vatnet, bakerst i biletet, er du langt over i Bjelland. Foto: Geir Daasvatn
Del "Myglefossen – Kosåna"