Langevatn – Åseral

Spektakulært byggverk og eineståande sykkeltur i fjellheimen!
Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten.

Den nye dammen hevar vasstanden i Langevatn med ti meter. Reguleringshøgda i vatnet er nå 26 meter. Den gamle dammen blir ein smågut i høve til den svære nye steinfyllingsdammen. Arbeidet var ferdig i 2020, og var ein del av Åseral Nord-utbygginga.

Turen held fram under bildet

Den gamle Langevassdammen blir ikkje så stor i høve til den nye steinfyllingsdammen. Foto: Geir Daasvatn

Langevatn er ein portal til Setesdal Vesthei. Fleire av dei raudmerka løypene til DNT Sør har utgangspunktet sitt her. Det er parkeringsplass i Gloppedalen, rett ved dammen, der du kan sette ned bilen.

Om du er mest glad i å sykle, er anleggsvegen vidare nordover langs vatnet frå dammen oppgradert i samband med kraftutbygginga. Du kan sykle rundt åtte km nordover på fin grusveg. Frå enden av vegen er det bare om lag ein km til Skothommen, og tre km til heiegarden Pytten. Då er du såvidt over grensa til Bygland kommune.

Artikkelen fortset under bildet

Langevatn sett frå den nye dammen. T.h. i bildet kan du skimte den oppgraderte Langevassvegen som går nordover på austsida av vatnet. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Om utgangspunktet er Evje, køyrer du først Riksveg 9 til Hornnes. I Kjetsåkrysset tar du Fylkesveg 42 vestover mot Sveindal. På Sveindal tar du nordover på Fylkesveg 455 mot Kyrkjebygd. I Kyrkjebygd køyrer du forbi Minne kultursenter og nordover mot Ljosland. Vel framme på Ljosland følger du Langevassvegen ca ein km til parkeringsplassen i Gloppedalen. Me vil anslå at det er ein køyretur på 65–70 km frå Evje til parkeringsplassen ved dammen.

Kart over området

Ha ein fin og spennande tur!

Kjelder

  • Omtalen av steinfyllingsdammen ved Langevatn i «Setesdal Guide 2021», side 15
  • Diverse artiklar på Setesdalswiki, med tilvising til underliggande kjelder

Du vil kanskje også lese

 

 

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!