Landeeika i Grendi

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje.

Skrive av Geir Daasvatn

Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 og 1000 år ein stad.

Eika er hol, og det var plass til mange inni treet. Ulike kjelder oppgjev ulike tal slik som 12, 15 og 20 stk. Forfattar Olav Breen opplyser at ein gong på 1950-talet fekk heile 27 menneske plass inne i holromet i eika samstundes. Men folk var vel tunnare den gong.

I seinare tid har delar av stammen falle ut, og for at ikkje heile treet skulle ramla i hop, vart det slege ein kjetting rundt stammen.

Ein meiner at eika fekk sin bane då Byglandsfjorden vart regulera opp, og eit lynnedslag omkring 1990 gjorde truleg ikkje stoda betre for den gamle kjempa. Men det er ennå friskt lauv å sjå, så ho legg nok fleire år til på alderen framover!

Landeeika ligg bare ein 15 minuttars køyretur nord for Evje, og omtrent det same sørover frå Bygland kyrkjebygd. Ho er eit klenodium, og absolutt verdt den korte reisa.

Landeeiki

Knut Olav Daasvatn har skrive dette fine diktet om det gamle treet:

Etter ni hundre år trur ein kvar haust
at dette kan vere den siste for Landeeiki
Og kvar mars månad teiknar vårsola
røntgenbiletet hennar mot rotesnøen;
knudret, full av svulstar
Og kvar gong er diagnosa klår;
den gamle profilen er klar til utbrot

Kjelde: Artikkelen om Landeeika på Setesdalswiki

Del "Landeeika i Grendi"