Kvålen – Flatebygd

Fin utsikt i alle retningar!
Kvålen er ein liten ås mellom Tveit, Flåt og Flåt nikkelgruve i Flatebygd. Skogen i området blei hogd ned for ei tid sidan, og toppen av åsen er nå eit fint utsiktspunkt i alle retningar. Toppen er eitt av turmåla i Otra IL ski sitt 10-Toppers-opplegg for 2022.

Skrive av Geir Daasvatn

Turen opp til toppen av Kvålen er ikkje lang, bare om lag 850 meter om du startar frå Flatebygd skianlegg. Det er ei lett løype å gå. Først går du fleire hundre meter på toppen av ein av dei gamle slamdammane etter gruvedrifta. Så er det nokre hundre meter til med etter måten slak stigning gjennom eit hogstfelt til toppen der kontrolltanga til 10-Toppers heng. Hogstfeltet her er også eit nytt plantefelt. Vis omsyn.

Nå (mai 2022) er det tørt og fint langs stien opp til toppen. Når veret er litt blautare, blir nok terrenget i delar av løypa våtare. Så gode tursko er greitt å bruke.

Dette er ein lett men verkeleg triveleg tur som passar for alle!

Turen fortset under bildet

Utsikten frå toppen av Kvålen sør-vestover mot Evje er flott. Foto: Geir Daasvatn

Spennande område!

Om du tykker turen blir for kort eller lett, er området  rundt Flåt nikkelgruve svært rikt på gamle kulturminne. Du kan legge inn avstikkarar til dømes opp til Gamlegruva og Nygruva, til Jokelidgruva eller til nedre slamdam. I området rundt gruva er det også ei stor mengde alternative turløyper, som er fine å prøve ut om du vil tyne kroppen litt meir. Fleire av dei er skildra i turregisteret her. Du finn dei under «Turløyper» i menyen øverst på sida.

Korleis kome hit

Frå Riksveg 9 køyrer/syklar du oppover forbi Evje kyrkje mot Flatebygd. Ved brua over Flåtåna, altså før Tveit, tek du til høgre mot gruveområdet. Ved Jokelidgruva svingar du hardt til venstre vidare oppover mot nikkelgruva. Men før du kjem heilt opp, set du i staden bilen eller sykkelen ned ved inngangen til Flatebygd skianlegg. Gå 50 meter tilbake, og start turen ved den svære slamdammen som du ikkje kan unngå å sjå. Sidan Kvålen er ein av 10-Toppersane i 2022, er løypa også veldig greitt merka med kvite/blå band. Det er bortimot umogeleg å gå feil.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.