Knipane gruver – Iveland

Knipane gruver er fleire gruver som ligg temmeleg samla ved Knipane på heia om lag to kilometer sør-aust for Håvarstad nord i Iveland.

Skrevet av Geir Daasvatn

I gruveområdet er det fleire skjerp. Det er Granatgruva, Gruvene ved myra, Gruva på toppen, Thortveitittgruva, Storsynken og Kongsberggruva. Dei to største er Storsynken og Kongsberggruva. Nokre av gruvene er fylde med vatn, medan andre er tørre. Då gruvene var i drift, frå slutten av 1800-talet til langt inn på 1900-talet, var det helst feltspat, kvarts og glimmer dei dreiv stort etter.

Men mineralet thortveititt blei for første gong gjort greie for ut frå ei prøve som vart funne i et lite brot på Knipane. Dette fekk namn etter finneren Olaus Thortveit frå Iveland. Mineralet var i 1950-1960-åra mykje ettertrakta til forsking på legeringar til bruk i fly- og romfartskonstruksjonar. Gruvearbeidarar i Iveland kunne i heldige tilfelle tene ei årsløn på nokre få dagar om dei kom over dette mineralet. Det blei betalt med det dobbelte og vel så det av gullprisen på den tida. Thortveititt er særs sjeldent, og har nå stort sett museums- og samlarinteresse.

Alt i alt er det i Knipane gruveområde funne rundt 50 ulike mineraler, mellom anna røykkvarts, ametyst, zirkon, beryll (akvamarin), fergusonitt, pyritt, albitt, titanitt og apatitt.

Artikkelen held fram under biletet

Granatgruva på Knipane. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Om utgangspunktet ditt er Evje, tek du først avgarde oppover Arendalsvegen (Fylkesveg 42). Etter om lag 4 km, på Galteland, svingar du av Fv-42 og inn på vegen mot Iveland. Følg vegen vidare forbi Rosseland, Høgetveit, Lauvland, Li og over kommunegrensa til Iveland. Straks etter kommunegrensa kjem du til Frikstad. Du skal forbi alle gardane og snart er du ved Stoblemyr. Der svingar du sørover mot Iveland, på Frikstadveien. Ved Håvarstad går det skogsbilveg inn til gruveområdet. Vegen er ikkje stengd med bom, men ein må legge 100 kroner i ei kasse for å køyre inn til gruvene med bil. Eit fint alternativ for ein tur i dette området er difor å spasere eller sykle langs skogsbilvegen inn til gruvene.

Ta deg god tid i gruveområdet, og les gjerne meir om historia på informasjonsskilta som er sett opp på ulike stadar.

God tur!

Kart over området

Om Ivelandsgruvene, og mellom desse Knipane, som besøksgruver på VisitNorway.no

Meir om Knipane som turmål på Ut.no

Kjelde: Setesdalswiki med vidare tilvisingar

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

Del "Knipane gruver – Iveland"