Kjetsåbrua 26. september 2018. Foto: Geir Daasvatn

Kjetsåbrua – Hornnes

Under dagens moderne betongbru over Kjetsåna skjuler det seg eit vakkert kulturminne.

Kjetsåbrua er altså ei steinkvelvbru på Fylkesveg 42 over Kjetsåna på Kjetså i Hornnes. Brua blei bygd i 1933, og utvida og forsterka med betong i 1969.

Fram til «kompensasjonsvegen» for nedlegginga av Setesdalsbanen kom gjennom Hornnes på andre halvdel av 1960-talet, var Kjetså bru ein del av hovudvegen mellom Kristiansand og Setesdal.

Korleis kjem du dit

Kjetsåbrua ligg om lag 1 km vest for Kjetsåkrysset på Riksveg 9. Du følger bare Fylkesveg 42 mot Sveindal til du kjem til den skarpe svingen ved «nye» Breistøl, så er du der. Du bør gå ned under brua for å få eit godt inntrykk av det vakre murarbeidet.

Om du kombinerer det å sjå brua med ein sykkeltur rundt Kvietjønnvegen ein fin vårkveld, får du eit par verkeleg gode timar ute i frisk luft!

Kjetsåbrua 30. september 2018. Foto: Geir Daasvatn
Del "Kjetsåbrua – Hornnes"