Kjetevatn – Vegusdal

Sykkeltur gjennom eit eldorado!
Kjetevatn er eit vatn på heia (315 moh.) nord for Hovlandsdalen i Vegusdal, på grensa mellom Evje og Hornnes og Birkenes.  Det går skogsbilveg (bomveg) inn til Kjetevatn og vidare nordover til Førevatn.

Skrive av Geir Daasvatn

Dette er eit nydelig heieterreng, og perfekt for ein koseleg sykkeltur ein varm sommarkveld. Det ligg nokre få fritidsbustadar langs vegen. Om du er heldig kan du kanskje få ein prat med hyggelege hyttefolk. Om du er glad i vatn, er det mange fine plassar langs løypa for eit forfriskande kveldsbad.

Korleis kjem du dit

Frå Evje følger du Fylkesveg 42 mot Vegusdal (Arendal). Etter om lag 20 km, etter garden Hovland men før du kjem til Skåre sag kort før Vegusdal, går det ein skogsbilveg oppover (nordover) i lia frå fylkesvegen. Vegen er stengt med bom heilt i starten, så her må du parkere bilen om du ikkje kjem på sykkel. Det er grei plass til ein bil i kanten av grusvegen.

Det første stykket går bratt oppover i heia til søndre enden av Kjetevatn. På toppen av kleiva kan du gå litt ut mot venstre, og sjå den gamle fløytingsdammen ved utlaupet av Kjetevatn. Her er det også veldig idyllisk med ein liten pust i bakken, om du syns kleiva opp blei litt tung. Om du i staden vender blikket ut mot høgre, kan du sjå Tvøråna kaste seg utfor berga nedover mot Skåre. Her er det veldig fine fossefall om du kjem forbi ein gong det er mykje vatn i elva.

Vidare følger vegen austsida av Kjetevatn. Det er småkupert og lett å sykle. Det er rett og slett nydeleg her oppe, så husk å sjå deg godt rundt!

Turen held fram under bildet

Sommaridyll langs Kjetevatn 19. juli 2021. Foto: Geir Daasvatn

Ved nordre enden av Kjetevatn kan du sykle opp ei bratt, men ganske kort kleiv til Kvittjørn. Her, altså ved sørenden av tjønna, er det også veldig fint å ta ein pause på berga ved sida av bekken som renn mellom Kvittjørn og Kjetevatnet. På andre sida av vegen, mot vest, går det ein traktorveg rundt Kvittjørn og langt oppover til traktene under Førevassheia. Men den avstikkaren er så spennande, at eg trur eg vil lage ei eiga skildring av han ein annan gong.

Turen held fram under bildet

På sykkel langs Kvittjørn 19. juli 2021. Foto: Geir Daasvatn

Du syklar vidare langs austsida av Kvittjørn. Men du burde ikkje stanse turen og snu her. Det går ein bratt bakke oppover lia til enden av vegen. Der er det ein grei parkeringsplass. Om du då set ned sykkelen, og følger stigen som går over brua over bekken her (gule merke på steinane), kjem du etter eit par hundre meter til breidda av det vakre Førevatn. Dette er eit svært populært utfartsområde, og det er mange hytter her oppe. Men dei fleste ligg over på andre sida – nordsida – av vatnet, medan du er på sørsida.

Om du syklar heilt inn til enden av vegen, er det ein tur på rundt fire kilometer. Det er som forklart 2–3 ganske bratte stigningar. Men dei er ikkje lange, og størstedelen av turen kan du cruise rundt  og bare nyte dette kjempefine heiemområdet på den nye grensa mellom Birkenes og Evje og Hornnes.

Det går nokre svære krettur på beite langs Kjetevatn. Dei er ikkje farlege. Men vis omsyn! Det er to grinder langs vegen du må passe nøye på å lukke etter deg.

Kart over området 

Ha ein triveleg sykkeltur!

Kjelder

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!