Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg litt inne i skogen, på garden Fjermedal, like nord for Vatnestrøm i Iveland. Det er eit friluftsmuseum med tradisjonelle bygningar frå Iveland og Vegusdal.

Her kan ein sjå bustadhus, stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Den eldste delen av Engeslandshuset er frå 1600-talet. Opprinneleg var museet eit privat gardsmuseum som Aslak Fjermedal etablerte på garden sin. Fem år etter at han døydde i 1969, gav familien museet og ei 10 mål stor tomt til Iveland og Vegusdal museumslag, som no eig anlegget. Museet er organisert som ei avdeling under Setesdalsmuseet.

Kvart år skipar museumslaget til stemne på museumstunet.

I området er det funne mange stokkebåtar. Ei av utstillingane i hovudbygget tek utgangspunkt i dette og syner samfunnet i jernalder og vikingtid, både med informasjon om samfunnet generelt, om kvinnene sin situasjon og om gravskikkar i denne tida. Andre utstillingar kan ha fokus på drakt og klede eller på generell bygdekultur.

Avdeling på Birketveit

Museet har også ei avdeling i kommunehuset på Birketveit der det er ei praktfull geologiutstilling basert på dei rike mineralforekomstane i Iveland. I denne avdelinga er det og utstilling om okkupasjonshistoria og om ivelandsdrakta.

Fjermedalen fornminnefelt

Langs vegen rett før du kjem til Nedre Fjermedal og museet ligg Fjermedalen fornminnefelt. Her er det eit gravfelt med minst 11 gravhaugar. Det er også spor etter gamle ferdselsvegar og militær aktivitet i området. Det er informasjonstavle på staden som fortel meir. Ta deg tid til ein stopp på denne spennande staden  også!

Opningstider

Museet er ope i sommarsesongen, i 2022 frå 22. juni–15. august. Dei nøyaktige opningstidene kvar sesong kan du finne om du klikkar deg inn på lenka til Setesdalsmuseet nedanfor. Men det er veldig fint å rusle rundt i det idylliske museumsområdet både vår og haust også!

Korleis finn du fram

Frå Evje kan du køyre Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) til Galteland. Ta av og køyr Fylkesveg 3772 mot Iveland. Ved Frikstad følger du Fylkesveg 3766 mot Engesland. Frå Engesland skal du sørover på Fylkesveg 405 mot Vatnestrøm og Vennesla. Ved Haugland, eit lite stykke nord for Vatnestrøm, skal du svinge inn på Fjermedalsveien. Du følger han nordover til Nedre Fjermedal. Der står det skilt som syner det vesle stykket fram til museet.

Ei alternativ rute er å køyre sørover på Riksveg 9 til Kilefjorden. Der tek du over Ivelandsbrua og følger Fylkesveg 403 først til Birketveit og så sørover mot Vennesla. Ved Ivedal tar du Fylkesveg 3768 (Eielandsveien) mot Vatnestrøm. Vel framme på Vatnestrøm svingar du nordover mot Engesland og Vegusdal. Etter om lag 3 km kjem du til avkøyrsla til Fjermedal, slik skildra ovanfor.

Ellers er indre Agder full av mindre bygdevegar som det kan vere utruleg fint å «cruise» rundt på og stadig sjå noko nytt. Det er bare å ta ein kikk på kartet her, så finn du mange andre fine alternativ for å kome deg til Fjermedal. Ta med ei lita matpakke eller ein bollepose, ein termos med kaffi, og god tid, så er du veldig nære ein draumedag her!

Kart over området 

Kjelder

Klikk på bileta for forstørring

 

Del "Iveland og Vegusdal bygdemuseum"