Hornnes kyrkje

Vakkert kulturminne frå 1828
Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes.

Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet vart utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 plassar og to galleri. Ho høyrer til Evje og Hornnes sokn, som er ein del av Otredal prosti.

Utanfor kyrkja, på framsida, står Minnesteinen over dei frå Hornnes som fall i fridomskampen 1940–1945.

Kyrkja er ikke open for besøk utanom dei faste tenestene. Men ho ligg svært idyllisk plassert ved breidda av Otra, og er vel verdt å beundrast utanfrå. Det er til dømes fint med ein stopp her, om du er på sykkeltur rundt Evjemoen.

Korleis kjem du dit

Kyrkja ligg på austsida av Riksveg 9 like sør for brua i Dåsnes. Du kjem dit via Fylkesveg 3794 som tek av frå Rv-9.

Kart 

Kjelder

Hornnes kyrkje 14. mai 2021. Foto: Geir Daasvatn

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!