Tidleg desembermorgon i Hornåsen. Foto: Geir Daasvatn

Hornåsen

Hornåsen ligg bare nokre få minutt oppover i skogen frå dei nyaste husa i Hornåsen bustadfelt. Så det er ikkje nettopp ein langtur å gå dit. Men åsen er eit nydeleg utsiktspunkt!

Frå toppen av Hornåsen ser du vidt utover Breiflå, mot Evjemoen, til Hornnes kyrkje, og nord-austover mot Evje og i det fjerne Flatebygd med «fotballen» på Bertesknapen heilt bakerst. Det er veldig lett å kome opp der. Du må kanskje rekne 15 minutt opp, og 10 tilbake. Noko meir om du vil nyte freden og roen i naturen.

Korleis kjem du hit

Du kan kome til Hornåsen frå alle verdshjørner. Vi vil nevne to greie stadar å starte:

1. Om du kjem sørover på Rv-9, køyr forbi innkøyringra til Hornåsen bustadfelt. Nokre hundre meter etter det, når du nærmar deg Kjetsåkrysset der Julehuskongen bur, går det ein skogsbilveg til høgre (vestover). Her er det rett etter avkøyringa plass til å parkere bilen. Kjem du på sykkel, eller gåande, er parkering ikkje noko problem. Nå følger du bare skogsbilvegen opp den første bakken, til ein stor snuplass for tømmerbilane. Gå forbi og vidare opp den ganske bratte bakken. På toppen av bakken går du eit par-tre hundre meter, til du kjem til Frudesteinen. Rett etter at du har passert denne særmerkte steinen, går det ei traktorslepe med ein tydeleg oppgått sti på skrå til høgre oppover i terrenget. Stien er vist med stipla linje på kartet nedanfor. Følg stien i nokre få hundre meter, og du er ved toppen. Ta til høgre og ut mot kanten av åsen, så du får bes mogeleg utsyn.

Rita og Rambo ved Frudesteinen. Foto: Geir Daasvatn

2. Om du køyrer inn i Hornåsen bustadfelt, følg vegen heilt opp til dei nyaste husa godt oppe i lia. Derfrå går du bare traktorvegen gjennom hogstfeltet til toppen.

I begge høve er det enklast å gå same vegen tilbake. Du kan sjølvsagt også følge den eine løypa opp og ta den andre tilbake. Då blir det meir ein rundtur. Men om du velger dette, blir det ein liten spasertur langs Rv-9 i tillegg.

Når du er på toppen, kan du også ta ein liten ekstra tur inn til hyttetunet til no avdøde Bjarne Nordbø. Det ligg bare eit par hundre meter vestover gjennom skogen, og er ein flott stad!

God tur, og hugs å nyte utsikten!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Hornåsen"