Haugeburet i Åraksbø 17. september 2017. Foto: Geir Daasvatn

Haugenloftet – Bygland

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder.

Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Bygningen er freda etter kulturminnelova.

Loftet vart restaurert i 1957–1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Faremo Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet heldt fram i 2015, og var ferdig i byrjinga av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var om lag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane Liv Torhild Nordenå Sørlien og Harald Sørlien var berekna til 100.000 kroner. Laurdag 2. september 2017 var ein høgtidsdag og ein merkedag i Åraksbø. Då feira bygdefolket og gjestar at Haugenloftet var blitt 800 år gamalt.

I artikkelen Tankar i fotspora hans bestefar på Setesdalswiki står det meir om datering av loftet og om eigarane.

Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016:

– Vi har ingen gode skriftlige kilder fra 1200-tallet om livet i dalen, men utgravingene på Langeid viser mye større rikdom og velstand enn det man har trodd. Åraksbø ligger åpent på solsiden. Det er grunn til å anta at det var en mektig mann som reiste Haugenloftet.

Det står mange fleire vakre loft enn Haugeburet i Åraksbø. Heile 18 skal det vere, i følge kulturberaren Bjarne Nordgarden som har skrive ein nydeleg hyllest til Haugeburet og Åraksbø i Jol i Setesdal 2018 s. 45–49. Men det får bli ei anna historie.

Korleis kjem du dit

Er du på tur gjennom Setesdal, er det ein spennande avstikkar å ta av frå Riksveg 9 og køyre på austsida av Åraksfjorden.

Om du kjem sørfrå skal du forbi Bygland kyrkjebygd. Rett før Storstraumen tar du av frå Riksveg 9 og køyrer Åraksvegen (Fylkesveg 3804) forbi Ellingstjønn og Sandnes til Åraksbø. Ved Haugemoen skal du ta av frå hovudvegen, og køyre vidare på bygdevegen som går gjennom sjølve Åraksbø til du ser det svære loftet på venstre hand.

Om du kjem frå nord tar du av frå Riksveg 9 og over Ose bru rett nord for Reiårsfossen. I første vegkryss etter brua skal du sørover på Åraksvegen mot Storstraumen. Når du kjem til Åraksbø, tar du til venstre opp Bryggjevegen og deretter til høgre nedover bygdevegen. Du ser snart det svære loftet på høgre hand.

Kart over området

Kjelder

Meir om Setesdal

Haugenloftet – 800 år! Foto: Geir Daasvatn
Del "Haugenloftet – Bygland"