Gloppefossen – Valle

Følg naturskjøne Veiådalen fram til høgaste fossen i Setesdal!
Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter.

Skrive av Geir Daasvatn

Veiågjuvet er ei djup fjellkløft, ein canyon, lengst aust i Veiådalen nord-aust i Valle. Veiådalen går «på tvers» av hovuddalføret Setesdal. Dalen strekker seg frå Otra nord for Lunden ca to km austover til sjølve gjuvet og Gloppefossen. Gjuvet endar brått i rundt 300 meter høge nesten loddrette fjellsider.

I botnen av gjuvet renn Veiåni. Nord for gjuvet stig Ruafjødd (1069 moh.) bratt opp frå dalbotnen. Det går skogsbilveg, traktorveg og sti langs elva inn til Gloppefossen, som er eit populært turmål. Vassføringa er stor i fossen heile sommarhalvåret, så han er verd å sjå også i tørkeperiodar.

Sjå Rygnestadtunet også når du først er på desse traktene!

Korleis du kjem dit

Parkering kan skje ved Riksveg 9 like nord for Lunden camping. Det er merka tursti inn Veiågjuvet til Gloppefoss. Første delen av turen går på grusveg, sidan vert det traktorveg. Det er ein flott natur med høge fjell på begge sidene av elva Veiåni. Turen inn til fossen tek om lag to timar. Det er ikkje hytter eller hus i området der vegen går. Ein skal krysse Veiåne fleire gonger. Normalt er det ikkje noko problem, då elva ikkje er djup. Ved normale vertilhøve høver turen godt for familiar med born. Sommaren 2017 blei det bygd ei lita bru over åna i området ved postkassa. Det har gjort kryssing av elva enklare her. Det førte til at turløypa kunne få endra klassifisering frå raud løype til grøn (lett) løype.

Eit spennande alternativ er å køyre Fylkesveg 45 (Telemarksvegen) mot Skafså. Mot toppen av oppstiginga, i god tid før du kjem til Store Bjørnevatn, kan du parkere bilen på den store parkeringsplassen ved Bakkebui. Gå litt tilbake langs vegen, så vil du finne ein stig som går fram til toppen av fossen. Det er bare om lag fem minutt å gå gjennom skogen. Om du kikkar litt på kartet under her, går stigen på nordsida av elva. Vel framme ved toppen av fossen, kan du følge kanten av juvet nordover til fleire spektakulære utsiktspunkt mot fossen. Det er som nemnt bortimot loddrette fall på opp mot 300 meter i området. Så her må du vere forsiktig. Av same grunn er nok dette eit alternativ som kanskje ikkje passar så godt for barnefamiliar.

God tur!

Kart over området 

Les meir

Kjelder

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gir oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.