Gamlevegen på Øvre Øydna

Den første køyrevegen!
På Øvre Øydna ved Byremo i Grindheim er eit lite stykke av gamlevegen frå 1830-talet framleis godt synleg i terrenget.

Skrive av Geir Daasvatn

Det er ein del av den første køyrevegen – kjerrevegen – gjennom Audnedalen du kan oppleve her. Vegstykket blei bygd ein eller annan gong i tidsrommet 1830–1839. Vegen var i bruk til 1914, då ny veg kom i dette området. Skal lure på om det nokon gong rakk å køyre ein «automobil» på vegen? Den vakre, men litt skjulte steinkvelvbrua i Byremo sentrum kom som ein del av den nye 1914-vegen.

Om du er interessert i gamle vegminne, eller «bare» i gamal historie meir generelt, er dette absolutt ein spennande stad å kikke litt nærare på.

Korleis finne fram

Den gamle steinbrua. Foto: Geir Daasvatn

Øvre Øydna ligg på vestsida av Øvre Øydnevatn. Når du køyrer Fylkesveg 460 frå Byremo på veg mot Konsmo og Vigeland, kjem du til Øvre Øydna etter bare eit par kilometer. Du skal køyre forbi Åsvegen som går over mot Hægebostad. Nokre få hundre meter etter det kjem du til gardsbruket Ekra (sjå kartet under). Fortset endå 200–300 meter til du kjem til ei bru over ein bekk. På kartet heiter han Hagåna. Derfrå kan du gå nedover mot Øydnevatnet på ein traktorveg. Han er merka med raud prikka linje på kartet. Eller du kan sjølvsagt bare følge bekken. Etter eit par hundre meter vil du kome til ei steinbru over bekken. Då er du på rett stad. På kartet nedanfor er dette mellom Lyngneset i nord og Nesan i sør. Nå kan du følge gamlevegen nokre hundre meter både nordover og sørover i terrenget. Du vil sjå kor vegen har gått, sjølv om han nokre stadar begynner å bli attgrodd.

Kart over området

Kjelder

Allemannsretten gir oss fantastiske moglegheiter til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X