«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Han ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere litt over det som ein gong var.

Skrive av Geir Daasvatn

Breistøl er nemd som øydegard i 1794. Den vidgjetne bjørneskyttaren Nils Olson Breistøl, som var fødd i 1808, er mellom dei som har budd på plassen. Ein annan er sonen til Nils Breistøl, Lars Bristol (Lars Nilsson Breistøl). Han var fødd i 1848, og flytta til England og tok Bristol til etternamn. Han vart ein kjend oppfinnar. Ein tredje er Lars Nilsson Breistøl, fødd 1846. Han var gift med Anna Jensdotter Breistøl (fødd 1861). Lars og Anna fekk 16 barn saman. Det var Nils, Gunhild, Randi, Anna, Jens, Ragnhild, Asbjørn (d. tre veker gamal), Asbjørn, Jorand, Olav, Kari, Albert, Salve, Targerd, Osmund og Anders. To av barna drog til Danmark og gifta seg der. Dei andre blei verande i bygda. Lars og Anna er såleis opphavet til ei stor slekt på Kjetså og andre stader.

I dag er «gamle» Breistøl for lengst lagt ned. Men du kan framleis sjå murane etter husa på staden.

Bare murane – og ein gamal, vedfyrt kjøkkenomn – syner at dette ein gong har vore ein heim. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Frå Kjetsåkrysset på Rv-9 på Hornnes tek du vestover mot Sveindal/Tonstad på Fv-42. På Kjetså tek du også vidare mot Sveindal. Du kjem forbi dei svære jorda og avkøyrsla til Hannåsfeltet/Hannåsmoen. Du skal fortsette mot Tveit. Rett før botnen av den lange Tveitekleiva går det ein skogsbilveg inn til venstre. Det er bomveg, så du må parkere bilen før bommen ein stad. Nå følger du bare vegen vidare til du kjem til Raualstjørnan. Der går det ein liten stikkveg inn til høgre, til eit gamalt grustak. Bak det grustaket ligg den gamle husmannsplassen Breistøl.

Kor skogsbilvegen går ser du greitt på kartet nedanfor. Så du skal ikkje kunne ta feil av retninga. Me vil rekne at det er 1-1,5 km frå Fv-42 inn til Breistøl, og altså ein spasertur på under 3 km t/r.

Om du syns turen er i kortaste laget, kan du kombinere med ein tur til Store Våkås rett i nabolaget.

God tur!

Kart over området

Kjelde: Setesdalswiki med vidare tilvisingar

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "«Gamle» Breistøl – Hornnes"