Eventyrslottet på Longerak

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Rv-9.

Kraftverket blei bygd på austsida av Riksveg 9, på Suggeberg si vesthelling, i 1915. Staten let kraftverket byggja for at tuberkulosesanatoriet i Landeskogen skulle få straum, og opphaveleg hadde det tre aggregat. Det nyttar ein del av fallet frå magasinet Longeraksvatnet i Longeraksåni som vert regulert mellom 598 og 594 moh, men sidan det ligg om lag 60 meter høgare enn Byglandsfjorden nyttast ikkje heile fallhøgda på rundt 300 meter. Produksjonen starta i 1916. Kraftverket har no eitt aggregat, og ein samla effekt på er 1,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 8 GWh.

I 1925 tok Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen over kraftverket, i 1962 gjekk det over til Aust-Agder Kraftverk. Frå 2001 er det i Agder Energi si eige.

Mellomalderslott

Kraftstasjonen er teikna av arkitekt Kristian Hjalmar Biong, og har forblending i naturstein, med rike detaljar. Stilmessig har den blitt samanlikna med eit fransk seinmellomalderslott eller eit byggverk i engelsk romantikk. Sjølve murarbeidet skal ha blitt utført av den kjende gråsteins-murmeistaren Gunnar Larsen frå Evje.

Longerak kraftverk 28. april 2017. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Setesdalswiki med vidare tilvisingar

Del "Eventyrslottet på Longerak"