Den kvite sanden

Den kvite sanden er ei nydeleg sandstrand i det nord-vestre hjørnet av Kosvatn i Hornnes. Stranda kan vere eit fint mål for ein badetur om sommaren, ein kanotur, eller kanskje som ein kombinasjon med ein tur til toppen av den nærliggande Hisdalsheii.

Skrive av Geir Daasvatn

Kosvatn, sett frå Den kvite sanden. Eit padleeldorado, eller «bare» eit nydeleg turmål. Foto: Geir Daasvatn, 2014

Korleis kjem du dit

Ved vestre enden av Bjørndalsvatnet, på heia heilt vest i Hornnes, langs Fv-42 på veg mot Sveindal, går det ein skogsbilveg sørover langs vatnet. Han er stengt med bom, så du må finne ein grei stad å parkere før bommen. Du kan følge denne skogsbilvegen mest til endes, og etter det gå gjennom terrenget til du ser Den kvite sanden. Me vil anslå at det er 2,5 km å gå, der omtrent halvdelen er fin grusveg og den andre halvdelen dels berg og noko myrterreng. Om hausten kan det nok vere temmeleg blautt i terrenget her, så du bør ha gode tursko på deg.

Om du vil ha ein fin kano- eller kajakktur, kan du parkere bilen på den fine rasteplassen på nordsida av Bjørndalsvatnet, lempe av kanoen der, og padle over Bjørndalsvatnet til Den kvite sanden. Om du har bra med tid, kan du jo då også padle vidare sørover Kosvatn til Hattefoss i enden av vatnet.

Rett vest for Den kvite sanden ligg Hisdalsheii. På toppen der er det fantastisk fin utsikt. Så når du først er i området, vil du kanskje ta turen opp dit óg? Les meir om den turen her.

God tur!

Kart over området

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

 

Del "Den kvite sanden"