Starten på den gamle Setesdalsvegen ved Slettefet på Moisund. Foto: Geir Daasvatn

Den gamle Postvegen

Heilt sør i Evje og Hornnes, på Hodne, kan du gå eller sykle langs den gamle Postvegen frå 1840 i fleire kilometer, gjennom idyllisk og fredfullt skogslandskap.

Skrevet av Geir Daasvatn

Den første ordentlege køyrevegen oppover i Setesdal blei bygd gjennom Hornnes i 1840, og kom fram til Valle i 1844. Først i 1879 kom det veg heilt fram til Bykle kyrkje.

Her kan du starte turen

Rett sør for den lange Moisundsletta på Rv-9, før du kjem til Hodnemoen, ligg Slettefet. Omtrent midt på sletta der går det ein skogsbilveg, stengt med bom, vestover og sørover mot Hodnekilen. Der er det plass til å parkere bilen om du kjem køyrande. Så er det bare å følge dei fine skilta som bygdefolket har sett opp vidare. Om du alt er på sykkelen, fortset du bare forbi bommen og turen er i gang.

Frå Slettefet og Skorva, eit langt stykke innover mot Hodnekilen, er det ekstra fint å sykle. Foto: Geir Daasvatn

Du kan også starte turen i motsatt ende av løypa. Rett sør for fylkesgrensa mot Vest-Agder, ved «klatrefjellet» Stønurfjell, men på vestsida av Rv-9, ligg Pederstjønn. Det går ein skogsbilveg innover langs sørsida av tjønna. 50-100 m etter at du har svingt av frå Rv-9 – om du kjem med bil – er det ein snuplass der du greitt kan parkere. Herfrå er det bare å følge skogsbilvegen vidare, og ein utruleg idyllisk tur er i gang!

Slettefet – Pederstjønn

Om starten er ved Slettefet, kjem du først forbi Skorva. Gi deg litt tid her, og studer den merkelege Tyskarvegen som aldri blei ferdig. Den første lille bakken blir kalla Slettefetkleiva, sjølv om det ikke er mykje til bakke. Du kjem ut av Hodnemosvingen, og ser husa til familien Sømme på Hodnemoen. Det er dei som driv Agder Trafikkskule. Vidare passerer du både Bykleiva og Hodnekleiva.

Du kjem nå rundt den vestre enden av Hodnekilen. Rundt kilen er det fleire hytter. Det er eit idyllisk område! I vegkrysset her må du passe litt på vegvalet vidare. Du skal ikkje følge Hodnevegen ut igjen til Rv-9, men Eikåsvegen mot Lindåna.

Pass litt ekstra på her ved Hodnekilen, at du tek rett veg vidare. Foto: Geir Daasvatn

Du passerer Lindåna på ei lita bru. Snart er du ved Hodneøygard innerst i Ærekilen. Vegen går vidare på sørsida av Ærekilen, før han svingar innover i terrenget og går gennom skogen til Pederstjønn.

Heile vegsykket du har gått eller sykla langs nå, kanskje rundt 5 km, er altså historisk grunn. Her kom setesdølane forbi når dei var på heimveg etter byturane sine. Det var også byvegen for honndølane i lange tider. Spesielt mellom Lindåna og Pederstjønn er spora etter den historiske vegen tydelege. Om du tek deg litt ekstra tid, kan du mange stader gå ned på nedsida av vegen, og studere dei gamle steinmurane som vegbyggjarane sette opp i gamle dagar.

Langs Ærekilen er den gamle vegen mest som i 1840. Foto: Geir Daasvatn

Forleng turen til Kiledalskleiva

Når du nå først har gått eller sykla kanskje 5 km, men framleis har litt krefter att, vil vi sterkt råde deg til å forlenge turen vidare over heia til Kiledalskleiva og Kiledalskleiva bru. Den gamle steinkvelvbrua frå 1840 er eit spektakulært syn.

Les meir om den turen her

Du må ha ein plan for tilbaketuren!

Nå kan du sjølvsagt snu, og gå eller sykle tilbake til der du parkerte bilen eller starta turen. Du syns kanskje 5 km er lang nok tur? Då går det jo ann å avtale med nokon om henting ved enden av løypa. Eit tredje alternativ er å ta ei anna løype tilbake til utgangspunktet. Om du tek ein kikk på kartet, vil du sjå at det er mange spennande tur- og sykkelløyper i området. Her er det bare fantasien din som set grensene!

Nydeleg skogstur – historisk grunn

Til sist vil vi «reklamere» litt ekstra for turen med eit par stikkord. Om våren gir det ei nydeleg fridomskjensle å sykle eller spasere mellom trea ute i skogen, medan fuglane syng så glade i tretoppane. Om hausten er fargane i landskapet praktfulle. Turen er rett og slett ei fin naturoppleving, sjølv om du ikke ser til kysten som på Himmelsyna eller får oppleve slike frådande vassmengder som i Syrtveitsfossen. I tillegg er det denne underlege kjensla av kontakt med fortida, når du går der og funderer på alle dei strevsame skritta menneska før oss måtte gå for å skaffe seg det dei trong i kvardagen.

Postvegen gjennom Hornnes er nærare omtalt i boka «Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9», som kom ut i 2018. Bakerst i boka, på kartblad nr. 1, er heile løypa vi har omtalt her tydeleg teikna inn med raud farge. Du kan også lett finne løypa på Norgeskart.no 

Frå starten ved Slettefet og til brua over Lindåna er det godt grusunderlag, slik at løypa så langt fint kan forserast med rullestol.

God tur!

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Den gamle Postvegen"