Dei gamle steinkvelvbruene langs Rv-9 i Bykle

Vakre kulturminne verdt ein stopp!
Den første ordentlege køyrevegen – kjerrevegen – i Setesdal kom fram til Bykle kyrkje først i 1879. Vidare nordover til Hovden kom det køyreveg i 1924, og bilveg først i 1935! Fleire stadar mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden måtte det byggast bruer. Her vil me sjå litt nærare på dei tre vakre steinkvelvbruene som framleis står att etter denne første kjerrevegen.

Skrive av Geir Daasvatn

Om du sommarstid er på veg oppover eller nedover i Setesdal, høver det veldig fint å ta ein liten pause og ete nistepakka og nyte ein kaffikopp ein av desse stadane. Samstundes kan du sjå litt nærare på det nydelege arbeidet arbeidslaga som bygde desse steinbruene gjorde i si tid.

Hoslemo gamle bru

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det kom køyreveg frå Bykle kyrkjebygd til Hoslemo i 1904. Truleg blei den gamle Hoslemobrua bygd då. I 1964 kom ny bru over Hoslemobekken, Hoslemobrua, mellom den gamle brua og Otra som renn rett aust for Riksveg 9 i dette området.

Annonse

Hoslemobrua våren 2018. Bak smimtar me brua på dagens Rv-9. Foto: Geir Daasvatn

Tverrå gamle bru

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråni på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden. Litt lenger nordover langs vegen ligg Auvervassåi gamle bru (sjå under). Ho er sagt å vere bygd i 1911. Me må vel då tru at Tverråbrua er bygd om lag samstundes eller rett før det. Bilvegen fram til Hovden var som alt sagt ferdig i 1935, og vegen og brua var i bruk til ny Riksveg 9 og ny bru kom i 1968. I 1983 restaurerte Statens vegvesen den gamle Tverråbrua, rydda området for kratt og laga ein fin rasteplass.

Ein gylden augneblink under den gamle Tverråbrua. Foto: Geir Daasvatn

Auvervassåi gamle bru

Auvervassåi gamle bru er ei steinkvelvbru over Auvervassåi, på den gamle riksvegen, ved Badstogdalen rasteplass langs Riksveg 9 mellom Ørnefjell og Hartevatn. Ho skal vere bygd i 1911. Ridevegen som då blei bygd var 1,5 meter brei, medan brua er 2,5 meter brei. » – Tanken på å utvide til køyreveg var nok i tankane alt då», heiter det i Leonhard Jansen m.fl. si praktbok om Postvegen gjennom Setesdal. Det kom ny veg og ny bru på Rv-9 over Auvervassåni i 1968.

Hauststemning ved Auvervassåi. Foto: Geir Daasvatn

Andre bruer på den første køyrevegen mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden

Bykle gamle bru over Sveigefossen i Otra, sør-vest for Bykle kyrkjebygd, var ei sprengverksbru utført i tømmer. Ho var i bruk frå 1879 til 1940, då norske motstandsfolk sprengte brua. Ein kan framleis sjå brukara på kvar side av elva. Tyskarane kom til Bykle i byrjinga av mai 1940. De bygde først ei provisorisk bru, om lag der dagens bru ligg. Kort tid etter bygde Aust-Agder vegvesen og tyskarane i samarbeid ei meir permanent bru. Ho var i bruk til 1960, då den nye Bykle bru, Sveigefossbrua, kom opp.

Stykket held fram under biletet

Brukara etter den første brua over Otra sør for Bykle kyrkjebygd. Dette er rett sør for dagens bru på Riksveg 9, og ein lett stad å finne om du vil sjå nærare på den historiske staden. Det er ein grei plass å parkere bilen på austsida av elva, og kanskje 50–100 meter å gå gjennom skogen fram til dei gamle brukara. Foto: Geir Daasvatn

Den første køyrevegen mellom Bykle og Hovden kom til Berdalsbru i 1907. I åra 1907-1912 blei det bygd ei steinkvelvbru over Otra. Men i slutten av 1940 vart ho sprengd av norske motstandsfolk. Tyskarane fekk bygd opp ei mellombels bru inntil ein fekk bygd ei ny bru av tømmer. Tømmerbrua stod til 1962, då den nåverande brua kom.

Då Berdalsbrua blei bygd, vart ridevegen vidare oppover mot Hovden flytta over på austsida av Otra. Då måtte det byggast ei bru til for å kome vidare til gardane Hovden og Breive heilt i enden av vegen. Brua fekk namnet Hovden bru, og det som seinare skulle bli Hovden sentrum fekk namnet sitt etter brua. Dette var eit trebru, som var i bruk fram til 1950.

Kjelder

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X