Dammane ved Skjerkevatn

Spektakulære byggverk i fjellheimen i Åseral
Ved Skjerkevatn oppe i heia vest for Ørevatn i Åseral er det bygt to svære steinfyllingsdammar som demmer opp Skjerkevatn og Nåvatn til eitt stort, samanhengande magasin for Skjerka kraftverk. Dei erstatta fem gamle betongdammar i Skjerkevatn og Nåvatn. Dammane er spektakulære byggverk, som det er ei stor oppleving å kikke nærare på.

Etter planlegging av Sweco, som starta i 2011 med landskaps- og miljøplanar, tekniske planar, tilbudsgrunnlag og detaljprosjektering av dammane, vart dei bygte av arbeidsfellesskapet JV Skanska og TT Anlegg ANS mellom 2016 og 2018. Agder Energi Vannkraft er eigar av anlegga.

Dam Skjerkevatn

Dammen (bildet øvst på sida) er 50 m høg og 450 m lang. Han er den største som er bygt i Norge dei siste 20 åra. Dam Skjerkevatn er tildelt prisen «Damkrona 2018» for framifrå byggeskikk innan dambyggarfaget.

Dam Heddersvika

Dam Heddersvika 26. juni 2021. Foto: Geir Daasvatn

Dam Heddersvika er 590 m lang og 30 m høg, og såleis endå lengre enn «systerdammen» Dam Skjerkevatn. Men han er altså noko lågare. Det er ein køyretur på 4–5 minutt langs ein særprega anleggsveg frå dammen ved utlaupet av Skjerkevatn til Heddersvika. Ved dammen er vegen vidare stengt med bom. Men har du med ein sykkel, kan du sykle endå mange kilometer vidare innover i fjellheimen.

Korleis kjem du dit

Frå Fylkesveg 42 ved Sveindal køyrer du nordover mot Åseral på Fylkesveg 455. Du skal forbi Kylland og vidare mot Kyrkjebygd. Om lag 4 km etter Kylland tek du vestover mot Eikerapen. Etter rundt 2 km kjem du til Skjerka kraftstasjon. Rett etter stasjonen går Søteheivegen – ein grusveg – bratt oppover dalsida. Oppover mot toppen kan du sjå litt av den gamle røyrgata som opphaveleg førte vatnet ned til kraftstasjonen. Du kjem først til Dam Skjerkevatn. Det er stelt i stand greie parkeringsplassar for bil ved begge dammane.

Me ynskjer deg ein god og ikkje minst utruleg spennande tur! Det er mykje sauer på beite i området, så køyr forsiktig.

Kart over området

Kjelder

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!