Dam Sarvsfoss – Bykle

Dam Sarvsfoss er ein 50 meter høg, spektakulær betongdam ved Sarvsfossen i Otra i Bykle kyrkjebygd.

Dammen er 142 meter brei og hevar vasstanden i elva med 40 meter. På toppen av dammen er det bru med bilveg til Stavenes.

Dammen er den mest synlege delen av Brokke Nord, som vart opna av olje- og energiminister Tord Lien 10. oktober 2014. Otra Kraft er eigar av og byggherre for damanlegget.

Bykle kommune har planar om å opparbeide rasteplass med toalett m.v. ved dammen. Her er også ei fin utsiktsplattform der du ser rett mot dammen og nedover i det djupe Sarvsjuvet. Her kasta Sarvsfossen seg utfor før han blei temma av kraftutbygginga. På plattforma er det informasjonstavle om dammen og utbygginga.

Korleis kjem du dit

Ved industriområdet nord i Bykle kyrkjebygd (sjå kartet) tar du av frå Riksveg 9 og køyrer Stavenesvegen til dammen. Det er bare 300–400 meter. Det er parkeringsplass om du køyrer over dammen til andre sida (austsida) av Otra.

Køyrer du litt vidare oppover bakkane aust for Otra, kjem du til den fine Stavenes-grenda. Her er det spennande gamle bygningar og  vakkert kulturlandskap, men diverre ikkje mange fastbuande lenger.

Kart

Kjelder

Meir om Setesdal

Klikk på bileta for forstørring

Del "Dam Sarvsfoss – Bykle"