Byklestigen

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farlig parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle, om lag fem kilometer sør for Bykle kyrkebygd. I dag går Riksveg 9 i tunnel på denne staden. Byklestigen er  i staden eit interessant kulturminne å besøke, og ei kort, men veldig spennande turløype å gå.

Skrive av Geir Daasvatn

Byklestigen var ei bratt kleiv med rekkverk på begge sider. Vegen var så bratt at ein ikkje kunne ri, og heller ikkje ha kløv på hesten utan at det var folk til å hjelpe. Om vinteren var det spesielt vanskeleg, når det frå fjellet seig vatn som fraus til is. Ein kjenner til at det har vore heile seks «generasjonar» med framkomstveg framom dette vanskelege partiet, der det før år 1770 var mest uråd å koma forbi med hest. Det var fyrst etter 1879 at det vart mogeleg å fara med hest og vogn, og då etter ein veg nede langs elva.

Byklestigen vart vald til Bykle kommune sitt kulturminne i kulturminneåret 1997. Bykle kommune/Pro Ark har sett opp fine informasjonstavler som fortel historia fleire stadar.

I skogholtet t.v. for den vesle hytta startar stigen som var i bruk frå rundt 1840 til 1879. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Om du kjem køyrande nordover på Riksveg 9, skal du forbi den første avkøyrsla til Trydal og Trydalstjønna. Om lag ein kilometer vidare skal du ta av frå riksvegen, og køyre innover (vestover) mot Moen. Du skal forbi husa, og straks etter det finn du parkeringsplass for bilen. Nå kan du følge stigen som tek til rett ved den vesle hytta ved parkeringsplassen. Det er den utgåva av Byklestigen som var i bruk frå rundt 1840 til 1879, då kjerrevegen nede ved elva kom. Du kan også gå 400–500 meter vidare langs køyrevegen fram til der ein eldre versjon av Byklestigen tek til. Trappene her er nye i dag, men her gjekk altså «hovudvegen» frå rundt 1770 til 1840. Begge stigane er merka av på kartet under med stipla linje, så det er lett å finne fram.

Det er også mogeleg å parkere bilen på parkeringsplass eit par hundre meter nordanfor tunnelen, og gå Byklestigen i motsatt retning.

Heile strekninga er kanskje to kilometer t/r. Du bør sjå deg godt rundt når du er på denne spennande staden, og sette av minst 1–2 timar til besøket! Med is og snø på staden kan området vere farleg å gå. Så turen passar best i sommarhalvåret.

God tur!

Kart over området

Les om turløypa hos Visit Setesdal

Kjelder

Klikk på bileta for forstørring. Vinterbileta er frå stigen 1770–1840, sommarbileta frå stigen 1840–1879.

 

Del "Byklestigen"