Tysk bunkers fra 2. verdskrigen ved Lisletjønn i Nordbygdi i Bykle. Foto: Geir Daasvatn

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen.

Skrive av Geir Daasvatn

Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen.

I ein rapport om tyske forsvarsverk i Bykle kommune heiter det:

– Tyskerne la hovedtyngden av stillingene i Byklestigen vendt mot sør for å stoppe en fiende på veg mot Oslo fra sørlandskysten. I tilfelle en fiendtlig styrke kom fra nord var det ikke lagt opp til å forsvare stedet nevneverdig utfra en vurdering gjort i høsten 1942. Sannsynligvis har det etter kort tid blitt gjort en revurdering av det strategiske bildet med oppføring av en nordre flankestilling ved  Lisletjønn.

Korleis kjem du dit

Frå Riksveg 9, rett sør for Bykle kyrkjebygd, svingar du vestover mot Nordbygdi og Bossvassdammen. Du kjem først forbi Storetjønn, og nokre hundre meter seinare til Lisletjønn. Her vil du sjå bunkersen mellom vegen og tjønna.

Sjå kart over området

Kjelder

Klikk på bileta for forstørring

Del "Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle"