Bjørnestøl – Hornnes

Bjørnestøl («Heia») er ein heiegard i området rundt Gåseflå og Matkroni ved Gunnarsåna på heia vest i Hornnes, inn mot grensa til Åseral.

Det er ingen fast busetnad på garden idag, men ein del fritidsbustader. Matkronvegen går inn til området frå Fylkesveg 42 ved Bjørndalsvatnet. Men inn til Heietjønn, der dei opphavelege bruka låg, er det veglaust. Det er litt underleg og tankevekkande å vandre rundt i kulturlandskapet ved Heietjønn, og tenke på at her var det mykje liv for ikkje så frykteleg lenge sidan. Det er steingjerde, opne jorde, gamle husmurar og også eit delvis nedrasa hus som tydeleg viser at her har det vore aktivitet. Det står ei eldre hytte ved Heietjønn, så framleis er det folk som brukar staden.

Bjørnestøl var ein liten gard (1/2 hud), men frå midten av 1700-talet budde det to huslydar der. I 1865 skal det ha budd 20 menneske i Bjørnestøl. Dei nedlagte gardsbruka Matkrona og Gåseflå, der gardshusa framleis står, ligg på Bjørnestøl sin grunn.

Nedlagt gardsbruk på Bjørnestøl 3. mai 2020. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Mange vegar fører som kjent til Rom. Men me vil føreslå følgande:

Ta med sykkel i/på bilen, og køyr Fylkesveg 42 frå Kjetsåkrysset på Riksveg 9 mot Sveindal. Etter om lag 15 km kjem du til Bjørndalsvatnet. Her parkerer du bilen på den idylliske rasteplassen rett ved vatnet. Ta så sykkelen fatt nordover langs grusvegen innover mot Matkroni. Du passerer først den nedlagte garden Gåseflå, som nå er feriestad. Du syklar vidare, og kjem forbi dei raude husa i Matkroni. Nå skal du bare nokre hundre meter vidare rundt ein sving, så kjem du til to hytter. Her kan du sette sykkelen ned i vegkanten, og følge stigen som går vestover og oppover langs Kvernhusbekken til Heietjønn (sjå kartet under). Me har ikkje gått den stigen sjølv, så korleis det er å gå der veit me ikkje. Men den vegen er etter det me har forstått den mest vanlege å bruke. Så der skal det vere heilt greitt å kome fram.

Turen held fram under bildet

Godt synleg traktorveg oppover lia frå brua over Fjellbekken. Foto: Geir Daasvatn

Eit fint alternativ, og det me brukte den eine gongen me har vore til Bjørnestøl, er å sykle forbi dei to hyttene og over den vesle brua over Fjellbekken. Der startar ei slags traktorslepe eller restane etter ein gamal veg. Du kan følge den litt utydelege vegen ganske langt oppover i dalsida. Fleire stadar er det fin utsikt sør-austover. Opp mot toppen er det ikkje meir å sjå til vegen. Men me fann ein ganske godt synleg stig vidare. Han førte oss til Bekkekroken med nokre nydelege myrer. Vidare derfrå var det ein svakt synleg sti mellom Lislehei og Lindefjell, nå på sørsida av Fjellbekken. Etter å ha runda nordsida av Lislehei, vendte me nesa sørover over nokre ganske blankskurte berg og kom snart nedover mot Bjørnestøl ved nordsida av Heietjønn.

Eit tredje alternativ, som kanskje er det gøyaste (?), er sjølvsagt å kombinere dei to alternativa, slik at det blir ein rundtur.

Haukeli og Gunnarsfossen

Om du først har gitt deg avgarde på denne ganske lange turen, trur me du også vil ha stor glede av å sykle litt vidare langs grusvegen til husmannsplassen Haukeli, rett ved brua over Gunnarsåna. Der står også nokre svære steinmurar att i skogen, som tidsvitne om det som ein gang var. Ikkje fælt langt vidare langs vegen derfrå kan du også ta ein kikk på den fine Gunnarsfossen, om du har tid til det.

Kart over området

God tur!

Du vil kanskje også lese artikkelen vår om sykkeltur langs heile Matkronvegen forbi Gunnarsvatnet til Nedre Øytjønn

Kjelder

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Bjørnestøl – Hornnes"