Bjørnåsen – Evje

Bjørnåsen er eit lite, men lett kjenneleg fjell (442 moh.) på austsida av Otra rett nord for Evje-garden og Evje kyrkje. Frå eit utkikkspunkt litt nedanfor toppen ser du sørover forbi Evje sentrum og langt ned i Hornnes. Nordover kan du sjå til Volefoss og Moseid. Du kan ta ein verkeleg flott rundtur her, eller gå ein kortare tur opp til utkikkspunktet og tilbake same vegen.

Kort tur til utsiktspunktet

Minnesteinen etter skogbrannen. Når du har funne steinen, ser du stigen til venstre og kan bare legge i veg oppover gjennom skogen. Foto: Geir Daasvatn

Det er mange måtar å kome opp på Bjørnåsen på. Vi vil føreslå at du går opp frå den gamle jernbanelinja etter Setesdalsbanen, rett nord for Sole. Då kan du starte turen med å kikke litt på den svære steinhella som er reist til minne om den store brannen i området her i 1904. Rett til venstre for steinen går det ein svakt synleg stig oppover i skogen. Dei første 200-300 meter er han litt vanskeleg å finne nokre stadar. Men du skal strakt opp til toppen, så med litt sunn fornuft er det ikkje vanskeleg å kome vidare. Litt oppe i skogen kjem du inn på ein mykje tydelegare stig, som du nå kan følge opp til utsiktspunktet. Hugs å ta til venstre ved den nedfalne trestamma i stigkrysset.

Vel oppe er du ikkje heilt på toppen av Bjørnåsen, men på staden med den finaste utsikten. Nå kan du bare sette deg til rette på berget der, og verkeleg ha ei filosofisk stund for deg sjølv mens du skodar ut over Otra-dalen i fleire himmelretningar. Så følger du bare same ruta tilbake til utgangspunktet.

Om du tek denne vegen, er det temmeleg jamn stigning heile turen opp. På det brattaste opp mot toppen går stigen i nokre greie sløyfer. Så det er ikkje noko problem å gå opp, om du er i vanleg, god form. Heile tida går løypa inne i skogen. I normal, roleg gange vil vi tru du brukar rundt 30 minutt opp, og noko mindre på tilbaketuren. Totalt altså ein kort tur på under timen, om ikkje den filosoferinga på toppen dreg alt for lenge ut!

Løypa er ikkje merka. Men som sagt; når du er forbi dei første 200-300 meter med litt utydeleg stig, er det heilt tydeleg stig vidare til utsiktspunktet. Underlaget er stort sett skogsbunn og steingrunn her og der. Vanlege joggesko er skotøy godt nok i massevis.

Ein lengre rundtur

Du kan følge denne skogsbilvegen til endes. Derfrå går det stig eit kort stykke rett nordover gjennom skogen. Stigen svingar vestover (til venstre) og følger eit platå litt under åsryggen ut til utsiktspunktet heilt til venstre i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Du kan gå opp til utsiktspunktet same vegen som nemnt ovanfor. Men vel oppe følger du stigen vidare i nord-austleg retning på eit platå i åsen, i retning toppen. Etter eit stykke langs dette platået, der du fleire stadar har ein fin utsikt sørover mot Evje kyrkje, svingar stigen brått sørover gjennom skogen nedover til Bjørnefjellskotet. Etter eit lite stykke kjem du til ein skogsbilveg. Nå følger du denne til han munnar ut i den gamle jernbanelinja. Det er litt nord for Monen.  Herfrå går du nordover igjen langs jernbanelinja til utgangspunktet. Du kjem mellom anna forbi den fine Stenbekken jernbanebru.

Eit stalltips er å sykle oppover til Evje kyrkje, forbi Evje prestegard og Monen, og inn den nemnte skogsbilvegen. Ved enden av vegen kan du sette ned sykkelen, og gå løypa motsatt veg av det som er skildra i avsnittet foran.

Om du vel denne rundturen, er det nok tale om ein tur på minst 1 time, kanskje noko meir. I tillegg kjem eventuell sykkeltur frå Evje sentrum, om lag 2,5 km kvar veg.

Korleis kjem du deg hit

Om du køyrer bil, tek du Rv-9 nordover frå Evje sentrum. Køyr forbi Evje kyrkje og Evjetun leirstad.  Etter Evjetun kjem du først forbi Vangen, og rett rundt den slake svingen Sole. Om lag 300 meter etter at du har passert dei siste husa, går det ein skogsbilveg inn til høgre (austover). Han er stengt med bom. Foran bommen er det plass til å sette ein bil. Pass på å ikkje stenge vegen, i tilfelle nokon skal forbi med ein traktor el. Herfrå går du ca 200 meter innover skogsbilvegen, til du treff på den gamle jernbanelinja. Du tek til venstre, nordover, og går rundt 100 meter eller litt meir, til du ser bort på den minnesteinen litt ute på ei lita myr. Vegen vidare er forklart ovanfor.

Om du vil starte turen med ein sykkeltur, kan du sykle Evjevegen nordover til Evje kyrkje. Der fortset du på grusvegen forbi Evje prestegard, og kjem raskt inn på den gamle jernbanelinja. Heile dette strekket er ein del av Nasjonal sykkelrute nr. 3, og merka med fine, raude skilt. Så her er vegen enkel å finne! Så svingar du av jernbanelinja når du kjem til den skogsbilvegen som tek til høgre rett etter Monen. Du kan også fortsette sykkelturen langs den idylliske jernbanelinja, og starte gåturen ved det minnesmerket etter brannen som er fortalt om lenger oppe i stykket.

Eit fint alternativ er å sykle eller gå jernbanelinja sørover frå TrollAktiv på Syrtveit, ned til det minnesmerket der skogsturen kan ta til.

I det heile tatt er det som kjent mange vegar som fører til Rom. Om du er lokalkjent, kan du bare velge deg din eigen veg. Du kan også kombinere køyretur, sykkeltur og gåtur etter dine eigne ønske. Det viktigaste, etter vår meining, er uansett at du kjem deg opp på det fine utsiktspunktet, så du kan skode utover Otra og det vakre landskapet.

God tur!

Kart over området

Klikk på bileta for forstørring

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Bjørnåsen – Evje"