Åsvegen svingar seg mellom bustadhuset og låven på det sørlegaste bruket på Ås. Foto: Geir Daasvatn

Åsvegen – Hornnes

Åsvegen er ein om lag to km lang grusveg som startar på vestsida av Otra, bratt oppover frå Røyrkilen ved fylkesvegen mellom Krossen og Senum i Evje og Hornnes til garden Ås høgt oppe i lia ovanfor Otra-dalføret. Vegen er stengd med bom. Han egnar seg svært så godt for ein treningstur på sykkelen.

Skrive av Geir Daasvatn

Det vart først bygt veg til Ås på byrjinga av 1920-talet. Vegen vart utbetra i 1983. På same tida blei det bygt veg vidare innover (sørover) heia fram til Fennefossfjellet – Fennefossknipavegen. I dei offisielle vegadressene i kommunen heiter heile strekket fram til Fennefossfjellet Åsvegen.

Det er bratt oppoverbakke frå Røyrkilen til husa på Ås. Kort etter husa tar du sørover mot Fennefossmasta. Dette strekket er nok også rundt to km langt, småkupert og greit å sykle. Tilbaketuren er som du skjøner ein fornøyelse! Men husk å sjekke bremsene før du legg i veg. Totalt, om du vil heilt ut til Fennefossfjellet for å nyte den fabelaktige utsikten, er det tale om ein tur på 8–9 km på Åsvegen pluss strekket du må sykle for å kome til starten av vegen.

Åsgruva

Om du i staden for å svinge sørover mot Fennefossfjellet fortset framover grusvegen om lag 200 m, kjem du til den nedlagte Åsgruva. Etter Liegruva er gruva på Ås den gruva i Evje og Hornnes der det er tatt ut mest feltspat. Så kan du altså på den fine treningsturen også få med deg eit spennande kulturminne.

Artikkelen held fram under bildet

Åsgruva. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du dit

Frå Evje sentrum tar du over Birkelandsbrua og følger Fennefossvegen nokre hundre meter bortover til Krossen. Ta så nordover mot Senum. Etter eit par kilometer kjem du til Røyrkilen, og ser Åsvegen gå på skrå oppover i terrenget.

Kart

God tur!

Kjelder

Del "Åsvegen – Hornnes"