Årdalsvegen – Bygland

Fin køyretur i nydeleg heielandskap!
Årdalsvegen er ein privat skogsbilveg – ein god grusveg – som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Tovdalselva i Årdalen.

Skrive av Geir Daasvatn

Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i Tovdal. Dette er eit større, samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep. Men Årdalen er eit eventyr i seg sjølv, som eg med unnatak for ein køyretur til enden av vegen endå ikkje har fått tatt meg på tak og sett. Det må bli ein eigen artikkel seinare ein gong. Det er ei betalingskasse ved bommen på Haugetveit. Der kan du betale 100 kroner for eit dagskort og køyre på vegen. Interessentane i vegen er organiserte i Årdalen veglag.

Straks etter at vegen har passert Tovdalselva på bru, ved Sveigshyl, er han stengd med bom. Ei grein går vidare nordover om lag to kilometer til Årdalstøyl. Ei anna grein svingar sørover forbi Sveigi og går fram til Furebuvatn. Arbeidet med vegen tok til i 1977, og blei sluttført fram til Sveigsbru i 1982. Dei to greinene til Årdalstøyl og Furebuvatn var sluttførte i 1987.

Anten du «bare» vil ha ein køyretur for å sjå deg litt rundt, om du vil ta ein lang sykkeltur eller om du rett og slett vil legge ut på ein langtur til fots, er ein tur langs vegen ei verkeleg fin oppleving. Då er var innover her køyrde eg bil og hadde med sykkel, og sykla det korte stykket inn til Årdalstøyl. Ein nydeleg tur! Frå støylsbua er det ikkje langt å gå, kanskje rundt 1,5 km,  gjennom terrenget til det store vatnet Topsæ.

Årakingen Hallvard Eldhuset (f. 1914, d. 1976) har skrive mange historiar frå traktene innover mot Årdalen. Mange av dei kan du finne i elektronisk form i artikkelen om han på Setesdalswiki. 

Den vakre Årdalstøylen 29. juni 2017. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Ved Storestraumen fire km nord for Bygland sentrum tek du av frå Riksveg 9 og køyrer mot Åraksbø på austsida av Åraksfjorden. I Åraksbø tek du inn på bygdevegen, og etter kvart inn på vegen som går oppover dalsida til Lidtveit og Haugetveit. På Haugetveit skal du litt forbi den svære nye driftsbygningen, og kjem straks til bommen der du må betale for å køyre vidare.

Om du kjem nordfrå på Rv-9, tek du over Ose bru mellom Ose sentrum og Reiårsfossen. Nokre hundre meter etter brua er det eit kryss, der veg går nordover til Austad og sørover mot Åraksbø. Køyr sørover langs fjorden til du kjem til Åraksbø. Der svinger du oppover Bryggjevegen, og ved enden av den vidare mot Haugetveit.

Forslag på OpplevEvje.no til fleire turar eller ting å sjå i Setesdal

Dei offisielle turistsidene for Setesdal 

Kart

Kjelder

BEDRIFTSOVERSIKTEN - Støtt det lokale næringslivet. Kjøp tjenester og produkter lokalt.

     

    Hei. Lurer du på noe?

    Send
    ei melding, så hører du fra oss!

    X