Meir om Evje og Hornnes og Setesdal på Setesdalssida.no!

Utsikt utover Evje og Hornnes fra Fennefossfjellet. Foto.
Evje og Hornnes sett fra Fennefossfjellet. Foto: Geir Daasvatn

Nettsida OpplevEvje.no blir halden i gang, men blir ikke oppdatert like aktivt som før. Me valde å innskrenke drifta for eitt års tid sidan av økonomiske grunnar.  Meir om Evje og Hornnes og Setesdal finn du i staden på Setesdalssida.no!

Alt innhaldet frå både Evje og Hornnes og Setesdal, spesielt dei rundt 100 turforslaga og alle attraksjonane i dalen, ligg ope og søkbart på OpplevEvje.no som før. Me ser då også i statistikken at det er fleire tusen sidevisingar kvar månad. Så nettsida har framleis ein viktig funksjon.

Setesdalssida.no

Haugeburet i Åraksbø. Foto.

Haugenloftet – 800 år! Foto: Geir Daasvatn

Eg, Geir Daasvatn, har etter OpplevEvje gått vidare med eit nytt prosjekt, nettsida Setesdalssida.no.

Der skriv eg om mykje av det same som eg gjorde på OpplevEvje.no, bare med heile Setesdal som nedslagsfelt.

Det eg er spesielt interessert i, og skriv mest om, er kulturminne i dalen, turforslag og alle dei små og store attraksjonane som finst overalt. Der det er mogeleg, prøver eg å kombinere, slik at turforslaga går forbi spennande kulturminne eller spesielle attraksjonar, osv.

Eg har alt kome eit stykke på veg. Frå påsketider og framover er arbeidet med å legge inn alle turforslaga i fokus.

Inge Fredriksen hjelper meg med alt det tekniske som må vere på plass for å drive ei god og funksjonell nettside. På sikt er målet at denne nye nettsida skal bli eit verkeleg verdifullt, fint og nyttig «produkt » for lesaren.

Det er framleis eit visst vedlikehald av nettsida her, OpplevEvje.no. I tillegg er det ei veldig aktiv krysslenking mellom OpplevEvje.no og Setesdalssida.no. Då får eg utnytta alt det fine innhaldet på OpplevEvje.no vidare, og som det er lagt enormt mykje arbeid i, sjølv om sida ikke lenger er ei veldig aktiv «nyheitsside» for Evje og Hornnes med daglege oppdateringar.

Det meste av nytt stoff frå Evje & Hornnes og Setesdal finn du altså heretter på Setesdalssida.no!

Geir Magne Feed i tråkkemaskinen. Foto,

Geir Magne Feed i tråkkemaskinen i Høgås skianlegg 29. oktober 2020. Geir Magne dukkar nok opp på Setesdalssida også. Foto: Geir Daasvatn

 

 

Utsikt utover Evje og Hornnes fra Fennefossfjellet. Foto.

Meir om Evje og Hornnes og Setesdal på Setesdalssida.no!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Loftet på Nomeland, Der oppe

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad. Det ligg rett ved Riksveg 9, og er lett å

Volefossen

Volefossen er ein foss i Otra i Evje og Hornnes kommune, litt sør for Syrtveitsfossen. Fallhøgda er ca 3 meter. Volefossen er ein vakker foss når det er litt vatn

Skjerkevegen – Uleberg

Skjerkevegen er ein 10 km lang gards- og skogsbilveg på Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Han vart bygd i 1973. Vegen passar ypparleg for ein heietur på

Nipelivarden

Nipelivarden er eit lite fjell (650 moh.) aust for Gautestad og Høvringsvatnet, heilt nord-aust i Evje og Hornnes kommune ved grensa mot Froland. Toppen er eit fint turmål, til dømes

Dansarberga turløype

Dansarberga er et fjell eller en ås i Evje.  Her var det fra gammelt av en samlingsplass eller danseplass for ungdommen – Dansarberg. I dag

Klevestøknutten – Hornnes

Klevestøknutten er ein ås (529 moh.) mellom Masi og Furustovheia i Hornnes. Det går merka turløype frå Hornnes barneskule til Masi. Derfrå følger du sti mot Furustovhei for å kome

Mest lest siste 7 dager