«Setesdalsserien»: Vidare til Bygland!

Lesarinnlegg, av Geir Daasvatn

Boka mi med landskapsbilete frå Evje og Hornnes kom i sal rett før julaften. Boka kan tingast hos underteikna, eller kjøpast på Norli Evje. Nå legg eg avgarde vidare oppover i Setesdal, i første omgang til Bygland. Planen er å få gitt ut ei bok med landskapsbilete derfrå i løpet av vinteren.

Geir Daasvatn Foto på Facebook

Om Bygland på Setesdalswiki

Den første boka om Evje & Hornnes

Eg kan ikkje seie anna enn at eg blei litt stolt over å sjå mitt eige arbeid på trykk. Bileta frå heimbygda er tatt over ein periode på 11 år. Så det ligg ein del arbeid bak. Setesdalstrykk gjorde ein framifrå jobb med trykkinga, og bokbindaren det same. Det var gøy – og viktig for meg – å kunne bruke ei lokal verksemd til å trykke boka, og spesielt i det vanskelege koronaåret 2020.

Evje sett frå Krossen, på andre sida av Otra. Det er eitt av dei rundt 140 bileta som er med i det første heftet i «Setesdalsserien» min.

Dekker kostnadane sjølv

Eg betaler alt ved denne bokserien sjølv. For å halde kostnadane på eit overkomeleg nivå, må eg sette saman bøkene på eigehand. Det er rimelegvis ein «risikosport». Men eg prøver å halde utforminga enklast mogeleg, slik at faren for store grafiske mistak er redusert. Nokre små «skjønnheitsfeil» blei det sjølvsagt i den første boka, men ikkje noko lesarane har reagert på trur eg. Det er bileta som er i sentrum i bøkene, så at dei blir enkelt utforma vonar eg lesarane vil bere over med.

Kort om Byglandsboka

Byglandsfjord ligg som ein diamant ved sørenden av Byglandsfjorden. Biletet er sjølvsagt med i boka.

Eg skriv ei lita innleiing, der eg fortel litt om kvifor eg så gjerne vil dele nokre av bileta mine med bygdefolket og andre som måtte vere interessert. Så er det eit kort avsnitt der eg forklarar kor eg har henta opplysningane til bileta frå. Eg har lite detaljkunnskapar om Bygland sjølv, så eg må i all hovudsak lene meg på det andre med mykje meir kunnskapar enn meg har laga av stoff om Bygland. Deretter kjem eit lite kapittel der eg kort skriv nokre ord om omgrepet «Setesdal», og gir eit par faktiske opplysningar om dalen me er så heldige å leve i.

Etter desse korte skriftlege framstillingane, tek eg til med bileta. Eg startar ved Vassend heilt sør i Bygland, hoppar litt att og fram på begge sider av Byglandsfjorden og Åraksfjorden, og endar til slutt på Langeid og Birkeland opp mot grensa til Valle. Mot slutten har eg eit lite kapittel der eg fortel litt om alt det spennande eg meiner me kan finne om me ser oss litt rundt på tur ute i naturen. Så avsluttar eg med nokre få ord før eg dreg vidare mot Valle og seinare Bykle. Desse to siste bøkene har eg eit håp om å få ferdige innan jul i 2021.

Håper bileta kan vere til glede!

Eg var veldig spent på kva lesarane ville meine om boka mi frå Evje & Hornnes. Heldigvis har eg fått mange fine tilbakemeldingar. Det set eg stor pris på. Nå blir det endå meir spennande å finne ut korleis byglendingane vil ta imot bileta. I Bygland er eg på meir ukjent mark enn heime i Evje og Hornnes. Men det eg prøver å vise fram er det vakre landskapet. Det skal vel litt til å skjemme det heilt ut!  Uansett kva andre måtte tenke eller meine, får eg oppfylt eit stort mål gjennom å gi ut desse bøkene: Å syne heimbygda mi og Setesdal som eg er så glad i frå ei vakker side. Det trur eg at eg skal klare, og det er viktigaste for meg.

Austad kyrkje på Tveit. Det er også eitt av bileta i boka.
Del "«Setesdalsserien»: Vidare til Bygland!"