«Setesdal og setesdølar 2021» i handelen!

Framsida. Eit postkortmotiv frå Jon Løyland med Bjarne Stubseid som gut.
No er det framifrå årsskriftet til Setesdal Sogelag for 2021 endeleg i salg 💝

Du kan kjøpe det på Norli Evje, i andre bokhandlar og i mange forretningar over heile Setesdal. Bladet har heile 124 sider i år, inkludert nokre sider med annonsar bakerst. Det er trykt hos Setesdalstrykk på Evje. Prisen er bare 100 kr. Det er helst alt for lite for dette kvalitetsbladet. Men det er jo greitt for oss lesarar.

Stykka tykkjast å halde ein spesielt høg fagleg kvalitet i år. Utan at eg er nokon ekspert på dette, må me kunne seie at fleire av artiklane er på eit vitskapleg nivå. Men så kjem me ned på jorda med det nydelege diktet «Slike dagar», skrive av Vigdis Brattfjord. Då er balansen mellom det jordnære og det avanserte fint avpassa.

Eg går ikkje inn på detaljane, men lagar heller ei lita innhaldsliste:

  • Vidar Toreid – Leiaren i Setesdal Sogelag har ordet
  • Torgeir Moseid – Redaktøren har ordet
  • Vigdis Brattfjord – Slike dagar (dikt)
  • Olav M. Holen – Johans ladde og Gunnar skaut (om predikanane Gunnar Lofthus og Johannes Bakken)
  • Karin Bøe og Vidar Toreid – Sogevandringar 2020
  • Kristian F. Olsen – Husguder og avgudsdyrkelse i Setesdal
  • Noah Falkum – Intervju med min farfar (om Andres Helle sine opplevingar under 2. verdskrigen)
  • Hallvard T. Bjørgum – På ramme alvor? Skjoldmøyane, fiksjon eller fakta?
  • Bjarne Nordgarden – Det fyrste meieriet i Setesdal
  • Vilbord Stubseid Hovet – Innleiing til artikkel (artikkelen skrive av Bjarne Stubseid)
  • Bjarne Stubseid – Setesdal. Geografiske tilhøve, topografi og lausmateriale
  • Margit Løyland – Det året dei krona kongen (glimt inn i ei dagbok frå 1906, skrive av 18-åringen Jon Løyland)
  • Erik Kjebekk – Thor Lande – ein kristen heidersmann frå Grendi
  • Annonsar – Takk til annonsørane våre!

Er du det minste interessert i Setesdal, og kanskje spesielt lokalhistorie litt tilbake i tid, er dette bladet for deg!

 

 

«Setesdal og setesdølar 2021» i handelen!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Kvålsnapen – Bygland

Kvålsnapen i Bygland er det bratte og litt blankskurte fjellet som stig opp bak Haugå- og Kvåle-gardane, rett nord for Bygland sentrum. Fjellet er eit

Hornåsen – Urdalen

Hornåsen er eit fint utsiktspunkt. Vi har ein eigen turartikkel om det. Men du kan også gå ein veldig fin rundtur i dette området, og

Evje Aktivitetspark

Evje Aktivitetspark ligger i enden av Alfred Uglands veg, bare noen få hundre meter fra Evje sentrum. I Evje Aktivitetspark er det kunstgressbane og gressbane

Rysstad Turpark

Rysstad Turpark er ei idyllisk turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Frå parkeringsplass går stigen oppover Baklian. Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus.

Matkronvegen – Bjørndalen

Matkronvegen tek til frå Fv-42 ved Bjørndalsvatnet, på heia heilt vest i Hornnes. Frå parkeringsplassen ved vatnet kan du sykle nordover rundt 10 km på

Skogsbilvegen Klepp – Bjorå

Skogsbilvegen mellom Klepp og Bjorå i Evje blei bygd sist på 1960-talet. Han går frå Klepp nordover langs austsida av Otra forbi Landsverkkilen til Bjorå. Lengda er rundt 3,85 km. Det

Mest lest siste 7 dager