Bjåen, aller lengst nord i Setesdal og Agder. Her, og selvfølgelig på Hovden litt lenger sør, er det fine overnattingsmuligheter. Naturen taler for seg selv. Foto: Geir Daasvatn

Setesdal – ein lyntur gjennom dalen

Lesarinnlegg, av Geir Daasvatn

Eg var ein tur til Vennesla mandag kveld, og synte nokre bilete frå Setesdal i ei forsamling. Det var stramt tidsskjema, så eg måtte fatte meg kort i omtalen av plassane. Men her kan du og bli med på den same lynturen gjennom dalen, med nokre kjappe kommentarar til. God tur!

Kiledalskleiva 

Kveld i Kiledalskleiva. Foto: Geir Daasvatn

Sidan vi er i Vennesla i kveld, har eg tatt meg friheten til å starte «Setesdal» i Kiledalskleiva, heilt nord i Hægeland og på grensa til Evje og Hornnes. Bare eit par hundre meter oppe i lia for Rv-9 ligg denne vakre steinkvelvbrua. Ho er bygd i 1840, då Postvegen kom gjennom Hornnes. Postvegen var den første ordentlige kjerrevegen oppover i Setesdal. Han var køyrbar fram til Valle i 1844, men til Bykle kyrkjebygd først i 1879! Vegen fekk ein enorm betydning for utviklinga i dalen.

Hornnes jernbanebru

Hornnes jernbanebru 2. juledag i 2009. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes jernbanebru er bygd i 1895-1896, då Setesdalsbanen kom mellom Kristiansand og Byglandsfjord. Etter det eg har lest, skal det mye ha vært svenske rallarer som bygde brua. Brua er eit vakkert kulturminne. Men ho ligg litt utanfor «allfarvegen». Så mange av dykk her i kveld har kanskje aldri studert ho på nært hald?

Bjoren 

Bjoren ved dampskipsbrygga på Byglandsfjord. Foto: Geir Daasvatn

Bjoren er ein vedfyrt dampbåt. Han er ein av dei flottaste kulturskattane i heile Setesdal.

Opphaveleg – frå 1867 – gjekk Bjoren i trafikk på Kilefjorden, mellom Frøysnesodden på Kile og Fennefoss i Evje og Hornnes. Etter at Setesdalsbanen kom i 1896 forsvant trafikkgrunnlaget der. Båten blei flytta opp i Byglandsfjorden. Etter at bilane kom rundt 1920, forsvant mykje av behovet for båttransport på Byglandsfjorden også. Mot slutten av 1950-talet var det heilt slutt for Bjoren, og til sist sank han til bunns på Ose.

Rundt 1970 starta ein aksjon for å berge det som var igjen av båten, og få han restaurert. Riksantikvaren kom inn i biletet, og i 1994 var Bjoren igjen seglingsklar etter restaurering ved Drammen Skibsreparasjoner AS.

I dag trafikkerer Bjoren på Byglandsfjorden og Åraksfjorden kvar søndag og mange onsdagar i sommersesongen. Det er også mogeleg å leige båten til charterturar. Ein tur med Bjoren ein varm sommardag, helst når fjorden ligg blikk stille, og aller helst gjennom slusene ved Storstraumen, er som eit eventyr!

Det er Setesdalsmuseet som driv båten i dag, med god hjelp av ei veldig driftig venneforening.

Setesdal sett frå Horgeknipen 

Utsikten fra Horgeknipen nordover i Setesdal en varm sommerkveld i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Eg blei sjuk med kreft i 2013. Det var ei veldig tøff behandling for å bli frisk igjen. Sakte men sikkert fekk eg litt styrke igjen. I juli 2014 klarte eg å gå opp på den vesle fjelltoppen Horgeknipen, på vestsida av fjorden rett ved Byglandsfjord. Det er restar etter ei gammel bygdeborg der, og eg ville gjerne sjå litt nærare på ho. Tilfeldigvis var det ein sommarkveld med eit veldig vakkert lys over Setesdal. Noko av det aller fineste eg har sett. Flaks for meg! Då eg stod på toppen der og skua oppover Byglandsfjorden og den utruleg vakre Setesdal, var det mest på grensa til at eg kunne felle ei lita tåre av glede. På vestsida av fjorden her ligger gardene Horverak og Bø. På den andre sida ser de Neset Camping, og bak der igjen Grendi. Det runde fjellet i bakgrunnen er Frøyrakshorgi, og bak der igjen ligg Fånefjell og den kjente Fånekleiva.

Eventyrslottet på Longerak 

Longerak kraftverk 28. april 2017. Foto: Geir Daasvatn

Godt skjult inne i skogen på Longerak i Bygland ligg Langerak kraftverk. Det er eigd av Agder Energi, og er framleis i full drift. Det blei bygd i 1915, for å skaffe straum til Landeskogen tuberkulosesanatorium i Grendi. Kraftverket lignar mest på eit middelalderslott, og er veldig gøy å sjå. Har de ikkje vore der enda, så skulle de absolutt ta ein kjapp stopp neste gang de er forbi!

Bygland kyrkjebygd 

Himmelsk utsyn sørover frå Kvålsnapen. Foto: Geir Daasvatn

Eg syns det er utruleg fint landskap oppover i Bygland, og spesielt rundt Byglandsfjorden. Dessverre slit Bygland – slik store delar av Setesdal ellers – med å halde oppe folketalet.  Fråflytting frå bygdene til byane er jo eit generelt fenomen nesten over alt, så det er ikkje så lett å vite kva som skal til for å snu nedgangen. Men i hvert fall jobbar ikkje naturen mot Bygland!

Garden nede til høgre heiter Nese. Rett ved Rv-9 der ligg det tre store gravhaugar. «Høvdingen» i Bygland, Kong Hane, skal ligge i ein av dei. Han blei i følge segna drept då han sloss mot Heilag-Olav under kristninga av landet. Det neset som stikk litt ut i fjorden til venstre, heiter Prestneset. Der ligg Bygland museum. Der er det også brygge som Bjoren legg til ved om sommeren.

 Haugeburet 

Haugeburet. Foto: Geir Daasvatn

Haugeburet (Haugenloftet) blei bygd i 1217/1218. Det ligg på garden Nordre Haugen  i Åraksbø. Buret/loftet er den eldste stående bygninga i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal det vere den nest-eldste trebygninga i Norge, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygget må ha begynt å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet.

 Skore 

Skore. Foto: Geir Daasvatn

Skore ligg høgt oppe i fjellsida, på austsida av Åraksfjorden og litt nord for Åraksbø. Det er Reiårsfossen vi ser midt imot, på den andre sida av fjorden. Litt til høgre ligg Ose. To «jenter» dreiv denne garden heilt fram til 1960-talet. Dei må ha hatt eit utrulig strevsamt liv! Nå står garden tom, men blir halde fint i stand av grunneigaren. Det er dyr på beite der heile sommeren. Oddbjørn Aardalen som er her i kveld har fortalt at han har sitte på trappa på Skore mang ein gong, og beundra den magiske utsikten, i den tida han var heradsskogmeister i Setesdal. Det er ei tid han minnast med stor glede!

Reiårsfossen – Ose 

Reiårsfossen med Ose bru i framgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Reiårsfossen er nok den mest berømte fossen i Setesdal. Tre gonger måtte husmannsguten Reiår ri tvers over fossen oppe ved toppen, så skulle han få den vakre gardsjenta. Det klarte han fint. Men han ville kjekke seg litt, til ære for den komande bruden, og sette over for fjerde gong. Då gjekk det galt, og både Reiår og hesten falt utfor og mista livet. Segna finst i fleire variantar, men omtrent slik fekk i hvert fall den vakre fossen namnet sitt!

 Valle kyrkjebygd 

Vakre Valle, sjølv på ein litt grå dag. Foto: Geir Daasvatn

Det er bare heilt nydeleg natur i Valle, synest eg. Ein anna ting som eg som fotograf likar veldig godt, er alle de gamle trebygga. Dei er ofte veldig fine motiv. Vi har alt for lite tid til å gå inn på alt dette nå. Då må eg i tilfelle kome tilbake ei anna gong. Men her er i det minste eit oversiktsbilete over Valle-bygda, tatt frå Brottveit. Det glatte fjellet til venstre heiter Nomelandsfjellet. Der er det ei flott Via Ferrata klatrerute, som det går an å prøve seg på utan spesielle klatrekunnskapar.

Rygnestadtunet 

Rygnestadtunet. Foto: Geir Daasvatn

Nesten ingen andre plassar finst det så mange eldre trebygningar igjen som i Setesdal. Det må i så fall være i Vest-Telemark. Rygnestadtunet er det mest særmerkte gardstunet i heile dalen. Rygnestad var garden til Vonde-Åsmund, som mange av dykk sikkert har høyrt mykje om. Mange av historiene kan nok ha preg av å være segner. Men Vonde-Åsmund er ein historisk person, som levde på Rygnestad på 1500-talet. Det var han som fekk bygd det særprega «Trihåhloptet» som står rett ved sida av våningshuset. Det svære Rygnestadloftet er det også han som har fått bygd.

Rygnestadtunet er ei av samlingene til Setesdalmuseet. Der kan de gå og beundre dei vakre bygningane når som helst. I sommarsesongen er det betjent, med guida turar fleire gonger om dagen.

Gloppefossen 

Gloppefossen. Foto: Geir Daasvatn

Reiårsfossen er den mest kjente i Setesdal. Men Gloppefossen er etter det eg veit den høgaste, med eit fall på rundt 280 meter. Han ligg ikkje rett ved vegen slik som Reiårsfossen, så han er nok meir ukjent for mange. Det går ei fin turløype inn til fossen frå Lunden, nokre km nord for Valle sentrum. Det går også ein sti ut til toppen av fossen frå Fv-45 – Skafsåvegen mot Telemark. Då er det bare 5 minutt å gå gjennom skogen. Det gir eit veldig sug i magen, å stå på kanten der oppe og kikke ned i det enorme Veiåjuvet!

Bossvatn – nedtappa 

Nordbygdi og eit uvanleg lågt nedtappa Bossvatn. Foto: Geir Daasvatn

Nå er vi komen til Bykle, den rikeste kommunen i Setesdal. Før eg syner bildete av nokre verkelig fine plassar, syns eg det er rett å vise at rikdommen også har kosta. Byklarane har ofra mykje for at storsamfunnet skal få straum. Så for min del syns eg at dei fortener hver einaste kraftkrone!

Biletet er frå Bossvatn, i Nordbygdi rett vest for Bykle kyrkjebygd. Eit heilt bygdesamfunn blei øydelagt her, då Bossvassdammen blei bygd rundt 1976. 16 gardsbruk, trur eg det var, blei heilt eller delvis sett under vatn.

Huldreheimen 

Om du tek deg tid til ein liten stopp i Bykle, og spaserer dei få meterane opp til Huldreheimen, blir du lønna med denne utsikten! Foto: Geir Daasvatn

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet.

Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje betjent om sommeren, men det er laga til slik at dørene står oppe og det er mulig å sjå inn i bygningane.

Sarvsfossen dam 

Dam Sarvsfoss. Foto: Geir Daasvatn

Dammen i Sarvsfossen er ein spektakulær, 50 meter høg, betongdam over Otra i Bykle kyrkjebygd. Han er 142 meter brei og hevar vannstanden i elva med 40 meter. På toppen av dammen er det bru med bilveg til Stavenes. Om de kikker godt etter, gøymer det seg eit svært troll i fjellet!

Vatnedalsdammen 

Vatnedalsdammen. Foto: Geir Daasvatn

Vatndalsdammen (opna 1983) er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatndalsvatnet. Han er 120 meter høg, og er ein av dei høgaste dammane i Europa. Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Vatndalsvatnet har ein magasinkapasitet på 1150 mill. m³ og reguleringshøgda er 140 meter. Vatnet i dammen vert nytta til energiproduksjon i Holen kraftverk. Det ligg i Nordbygdi, som vi just såg bilete frå.

Hovden 

Eg er lite kjent på Hovden. Eg likar best å vere ute i naturen og gå litt for meg sjølv. I Hovden sentrum er det nå mest blitt som ein liten by når det er travelt.  Men eg unnar Hovden og Bykle alt godt. Utan skianlegget på Hovden, og all hyttebygginga, ville nok Bykle som resten av Setesdal vore alvorleg truga av nedgang i folketalet.

Bjåen 

Bjåen, aller lengst nord i Setesdal og Agder. Naturen talar for seg sjølv. Foto: Geir Daasvatn

Bjåen er grenda som ligg lengst nord i Bykle, på grensa til Vinje i Telemark. Bjåen høyrer til Fjellgardane i Bykle. Langs Rv-9 er det 20 km frå Haukeli og 11 km frå Hovden. Det er om lag like langt til Oslo, Bergen, Haugesund og Kristiansand. Så Bjåen ligger sentralt til i verda!  Det er dessuten ein av dei finaste plassane eg veit om i Setesdal.

Takk for meg!

Del "Setesdal – ein lyntur gjennom dalen"