Populær open dag ved Hornnes hjelpefengsel!

Det kom masse folk, rundt 200-300, då Hornnes hjelpefengsel si venneforening inviterte til open dag ved fengselet i Dåsnes søndag 29. september.

Ivar Haugen fortalde levande frå historia til fengselet. Foto: Geir Daasvatn

Vaksne og born kom og gjekk i ein jamn straum, eller slo seg til i den fine parken utanfor fengselet med ein matbit. Praten gjekk livleg mellom borda. Ivar Haugen fortalde frå historia til fengselet og viste rundt, i to omgangar. Evje og Hornnes Sogelag ved Erik Kjebekk og Margrethe Gautestad selde lokalhistoriske bøker. Det blei servert nydelege heimelaga kaker og anna bakeverk. Utomhus baud 4H på spennande aktivitetar. Du kunne mellom anna sykle deg til din eigen smoothie for 20 kr. Det var eit særs populært tilbod. Heilt frå Kristiansand kom Ånund Lunde for å teste dette. Ånund er far til handballjentene Katrine og Kristine, og såg ut til å vere i minst like god form som dei topprente tvillingdøtrene sine 🙂

Ånund Lunde hadde ein kropp som var perfekt bygd for å sykle smoothie! Linn Moseid syter for at smoothien får rette konsistensen. Foto: Geir Daasvatn

Myke arbeid ventar

Det er mykje som må gjerast med det gamle bygget og eigedomen ellers, om dette skal bli den samlingsstaden i bygda som venneforeninga håpar på. Men dei er målbevisste, og klare for å gjere ein solid innsats i åra som kjem. Det første planlagte tiltaket er å skifte vindaugene og nokre små reparasjonar for å sikre bygget. Så er det eit ynskje om å sette opp eit tilbygg på baksida, med toalett og innlagt vatn. Dei totale kostnadane for desse to tiltaka kan kanskje bli opp mot to millionar kroner. Det er ikkje ein umogeleg pengesum å stable på beina. Dei i foreninga me talte med var optimistar på det.

Så er det mykje større planar for å utvikle bygget og området vidare. Men her er det tale om å bygge stein på stein, og skaffe økonomiske midlar etter kvart.

Lykke til!

Det blir spennande å følge arbeidet med Hornnes hjelpefengsel vidare. Me gler oss til å kunne rapportere om nye framskritt med jamne mellomrom.

Lykke til med dette unike bygdeprosjektet 💝

Populær open dag ved Hornnes hjelpefengsel!

Likte du artikkelen?
Del den videre

Facebook
Twitter
Email

Siste artikler fra OpplevEvje

Ingvard Østerhus og Roy Frimanslund på jubileumsfesten 6. mars 2023. Foto.

Heider til Ingvard Østerhus

Ingvard Østerhus (89) på Evje har motteke Pensjonistforbundet sitt heidersbevis for innsatsen sin gjennom mange år i Evje og Hornnes pensjonistforening. Tildelinga fann stad då Pensjonistforeninga feira

Turforslag fra OpplevEvje

Knipane gruver – Iveland

Knipane gruver er fleire gruver som ligg temmeleg samla ved Knipane på heia om lag to kilometer sør-aust for Håvarstad nord i Iveland. Skrevet av

Gloppefossen – Valle

Gloppefossen innerst i det enorme Veiåjuvet er truleg den høgaste fossen i Setesdal, med eit samla fall på rundt 280 meter. Skrive av Geir Daasvatn

Sydalen – Yksenskor

Sydalen er eit sidedalføre til Dåsvannsdalen i Hornnes, i nord-vestre del av Evje og Hornnes kommune. Området ligg i indre del av Dåsvannsdalen, like nord-aust for

Allmannavegen

Allmannavegen er en flott turløype i nydelig skogsterreng mellom Oddestemmen og Haugen/Åneland i Evje. Allmannavegen i en større sammenheng er en historisk ferdselsveg fra Evje

Flåstrondi – Postvegen

Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Skrive av Geir Daasvatn Vegmiljø Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i

Mest lest siste 7 dager