På tynn is? Eit heilt hefte med kvardagstankar?!!

Lesarinnlegg; skrive av Geir Daasvatn

Eg har tatt mot til meg. Nå vil eg gi ut eit lite hefte med småstykke eg har skrive på Facebook og fått publisert andre stadar dei siste sju åra. Alle innlegga er frå tida etter at eg hadde kreft i 2013 fram til eg gifta meg med kjærasten Rita Flottorp i sommar. Heftet har eg kalla «Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!» Som du skjøner, er det tale om enkle kvardagstankar om livet. Dei heilt daglegdagse og små tinga, eigentleg, som til saman blir til eit liv. Eg hadde eit mål om å få dette til før eg blei 60, og nå har eg klart det.

Om nokon er interessert i å lese litt om desse kvardagstankane mine veit eg jo ikkje. Men det gjer i tilfelle ikkje noko. Eg har laga heftet like mykje for mi eiga skuld.

Eg var flink på skulen i oppveksten, og god i idrett. Ein ganske grei gut, trur eg. Men likevel, utan at andre visste noko om det, hadde eg ikkje så mykje tru på meg sjølv. Den indre sjølvkjensla var ikkje god. I over 20 år, kanskje frå eg var 17 år og framover til 37-38-årsalderen, «kompenserte» eg nok for dette med å bruke store mengder med alkohol. Mest kvar einaste helg i desse 20 åra, bare med nokre korte avbrot. Eg gjorde ikkje ferdig utdanninga mi som jurist, og segla i grunnen rundt på havet som ei skute utan ein kurs.

Livet endra seg brått

Eg trivast best når det er heilt vanlege kvardagar Ein stille dag i skrivestua er fint, det! Foto: Privat

I 1998 og 1999 døydde mamma Herborg og pappa Arne veldig brått. Mest som i eit lynglimt gjekk det opp for meg at eg var ein sterk person, med gode evner til å takle tøffe hendingar i livet. Då blei det mykje lettare for meg å «hytte meg»; eg blei mykje tryggare på meg sjølv, endå om det var med eit veldig trist bakteppe. Eg traff Rita, og gjorde raskt ferdig juristutdanninga med godt resultat. Då var det gått 18 år mellom første og siste eksamen! Eg slutta med alkohol, så godt som. Og – ikkje minst – eg kom endeleg i jobb som jurist.

Alt låg til rette for meir løfterike år. Men dessverre blei eg sjuk med ei uforklarleg kronisk utmatting etter ikkje så mange år i arbeid. Nokre år etter det igjen fekk eg kreft. Eg klarte ikkje å arbeide som jurist lenger. Korkje kroppen eller hovudet ville henge med så godt som det måtte for ein slik jobb.

Med unnatak for om lag fem år hos Fylkesmannen i Vest-Agder, i ein veldig triveleg jobb med særs gode kollegaer, har det meste anna i vaksen alder såleis helst blitt ståande uforløyst.

Derfor kom eg på den idéen at eg i hvert fall skulle gi ut ei lita bok, og med det vise for meg sjølv at eg kunne fullføre eit prosjekt. Det har eg nå altså klart! Det gledar eg meg stort over. Om det er med glans, er sjølvsagt ikkje opp til meg å avgjere. Eg er bare glad for at eg har gjennomført planen min. At eg – endeleg – har funne ei «oppskrift» for livet som passar for meg i min livssituasjon, betyr sjølvsagt ikkje at du kan eller vil bruke den same rettesnora. Men kanskje kunne du få nokre idéar, som du kunne overføre til ditt eige liv? Eller bare ha det gøy med å lese litt om korleis andre kan tenke om livet?

Livet er sanneleg ei fin oppfinning, altså!

Korleis bestille heftet?

Heftet er til trykking nå, hos Setesdalstrykk på Evje. I løpet av få dagar vil det vere for sal om du skulle vere interessert. Det er 76 sider, med ei blanding av desse tekstane mine og eigne bilete. Prisen er 150 kroner. Du kan bestille for eksempel på E-post: geird@agder.no, sende meg ei melding på Messenger/Facebook, eller ein SMS på mob 90 92 67 24. 

Facebooksida mi

 

Del "På tynn is? Eit heilt hefte med kvardagstankar?!!"