Over halvvegs med biletbøkene frå Setesdal

Eg har stor glede av prosjektet mitt med å gi ut fire bøker med bilete frå Setesdal, frå Kilefjorden i sør til Bjåen i nord. Eg er rett og slett blitt glad i Setesdal! Bøkene frå Evje og Hornnes og Bygland er alt i sal. Boka frå Valle vert levert til trykking om få dagar. Ho vil då truleg vere i handelen i månadsskiftet april/mai. Den siste boka, frå Bykle, vil kome seinast til hausten.

Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn

Bileta har eg samla saman over ein periode på meir enn 10 år. Slik sett er mykje av arbeidet alt gjort. Men så set eg opp bøkene sjølv. Det krev mykje tid. Eg har ikkje økonomi til å engasjere profesjonell hjelp til dette.  Å redigere bileta og tilpasse dei til trykking er også ein stor jobb. Men uansett arbeid er det ein veldig givande hobby.

Bøkene får eg trykka på Setesdalstrykk på Evje. Eg synest det er eit poeng å bruke ei lokal verksemd til dette, og spesielt når bøkene er så nært knytta til lokalmiljøet. Kvaliteten på bileta i dei to første bøkene er framifrå. Eg vil gi ei stor takk til Helge Stokkeland og Knut På Bø på Setesdalstrykk, for ei fenomenalt god hjelp med å få bøkene ferdige og ikkje minst fine.

Biletbøker og bilete i det heile er ikkje så lette å selge i dag. Konkurransen frå digitale media er hard. Det gjeld ihvertfall for meg som er min eigen utgivar og hobbyfotograf. Men eg har fått mange fine tilbakemeldingar frå dei som har kjøpt dei to første bøkene. Det set eg stor pris på. Så håpar eg at endå fleire kunne ha lyst til å kjøpe ei eller fleire av bøkene, og bli endå litt betre kjent i vakre Setesdal. Det gir etter mi erfaring ei litt anna kjensle å kunne studere bileta i fred og ro på papiret, enn å sjå dei same bileta på PC-skjermen. Eg kan levere bøkene i postkassa e.l. i stort sett heile Setesdal. Men då må eg samle opp nokre bestillingar, så eg kan få levert fleire om gongen. Om eg må sende i posten, kjem porto i tillegg (88 kr).

Du finn alle detaljane du treng for å få tak i bøkene nedanfor. Du kan også alltid kontakte meg via Geir Daasvatn Foto på Facebook.

Setesdal – slik eg såg han. Hefte nr. 1 – Evje og Hornnes

NY! Fotobok med rundt 140 landskapsbilete frå alle delar av kommunen. Pris: 249 kr.

Boka kan tingast på E-post: geir.daasvatn@gmail.com, evt. SMS til mob 909 26 724.
Boka kan også kjøpast på Norli Evje.

Setesdal – slik eg såg han. Hefte nr. 2 – Bygland

NY! Fotobok med landskapsbilete frå Bygland kommune frå Vassend til Langeid. Pris: 289 kr.

Boka kan tingast på E-post: geir.daasvatn@gmail.com, evt. SMS til mob 909 26 724.
Boka kan også kjøpast på Norli Evje og COOP Marked Ose.

Setesdal – slik eg såg han. Hefte nr. 3 – Valle

KJEM VÅREN 2021. Fotobok med landskapsbilete frå Valle kommune. Pris: 269 kr.

Boka kan tingast på E-post: geir.daasvatn@gmail.com,evt. SMS til mob 909 26 724.

Setesdal – slik eg såg han. Hefte nr. 4 – Bykle

KJEM HAUSTEN 2021. Fotobok med landskapsbilete frå Bykle kommune. Pris 269 kr.

Boka kan tingast på E-post: geir.daasvatn@gmail.com, evt. SMS til mob 909 26 724.

Gjerden, Bykle. Foto: Geir Daasvatn
Del "Over halvvegs med biletbøkene frå Setesdal"